Facebook ikon Twitter logo Print side

Fylkesmannen: Vestlandsregion gjev stor regional ubalanse

Fylkesmannen i Hordaland meiner at planane om ein Vestlandsregion samansett av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vil gje ein stor regional ubalanse mellom små og store regionar i landet. Fylkesmannen uttalar at ein region som dette vil gjera det vanskeleg å overføra oppgåver frå staten til nye folkevalde regionar.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Fylkesmann Lars Sponheim
Fylkesmann Lars Sponheim

I høyringssvaret skriv Fylkesmannen vidare at målforma bør vera nynorsk.

- Etter Fylkesmannen sitt syn er det prinsipp-, kultur- og historielaust å ikkje fastsetja nynorsk som offisielt målføre for ein eventuell ny Vestlandsregion, står det i uttalen.

Les meir på nettsida til Fylkesmannen i Hordaland.

I sist veke vedtok Fjell kommunestyre at kommunen stiller seg i utgangspunktet positiv til ny vestlandsregion dersom Stortinget står fast på å oppretthalda fylkeskommunane som politisk regionalt nivå. I uttalen vert det likevel presisert at det må vera ein premiss at byråkratiet ikkje veks og utgiftene aukar. Ein ny region må heller ikkje koma i motstrid med intensjonane for kommunereforma og etablering av nye og større kommunar. Det vert også presisert at det er viktig at den nye Vestlandsregionen har nynorsk som administrasjonsmål og at nye og større kommunar må få tilført fleire og større oppgåver.

Les meir her.


Tekst: Vigleik  Brekke
Foto: Kjell Andersland

 

 


Publisert: 29.11.2016 09:32
Sist endret: 29.11.2016 09:37