Facebook ikon Twitter logo Print side

Gav klarsignal for utviding av gravplass

Kommunestyret godkjende i dag kostnadsramma på 24 millionar kroner for å utvida gravplassen ved Landro kyrkje.

Landro gravplass
Landro gravplass, ill.: Rambøll Norge

Det er få gravplassar igjen på Landro gravplass, og det er difor utarbeidd ein reguleringsplan som legg til rette for 540 kistegraver og om lag 300 urnegraver. Frå avkøyringa til kyrkja og langs gravplassen vert det etablert gangfelt i samsvar med reguleringsplanen. I investeringsprogrammet for 2018-2021 er det sett av 24 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift til utviding av gravplassen. I utgreiinga skriv rådmannen at den nye gravplassen vil stå fram som eit parkanlegg med gode kvalitetar som fast dekke på gangvegar, sitjebenker, lys, vasspostar, planter og murar i naturstein. Anlegget vert lagt til rette for universell tilkomst.

Løyvde 400 tusen til moglegheitsstudie for havbruksnæringa

Kommunestyret vedtok å løyva 400 tusen kroner til ein moglegheitsstudie for å sikra berekraftig havrom i Nye Øygarden kommune. Nærings- og fiskeridepartementet har delt norskekysten inn i 13 område når det gjeld produksjon av laks, aure og regnbogeaure. Sonene er delt inn i fargar, alt etter kor store konsekvensar næringa har på miljøet, mellom anna utfordringar med lakselus.

I dei områda som har fått grønt lys, er det grunnlag for auka kapasitet. For områda med raudt lys, kan kapasiteten verta redusert om det ikkje vert gjennomført tiltak i løpet av dei to neste åra. Regionrådet har hatt dialog med havbruksnæringa og Hordland fylkeskommune for å drøfta kva tiltak som kan gjennomførast for å koma ut av raud sone. På bakgrunn av dette har regionrådet vedteke å leggja fram sak for kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden om å få utarbeidd og finansiert ei skisse til moglegheitsstudie.

Studien er kostnadsrekna til 1,25 millionar kroner, og i saka som går til behandling i dei tre kommunane, vert det innstilt på at studien vert finansiert med midlar frå Havbruksfondet. Dei tre kommunane får i oktober i år utbetalt vel 41 millionar kroner frå dette fondet. Det er føreslått at Sund og Fjell løyver 400 tusen kroner kvar, medan Øygarden kommune løyver 450 tusen kroner. På bakgrunn av at Øygarden får utbetalt det største beløpet frå fondet, er det innstilt på at Øygarden kommune dekkjer litt større del av kostnaden enn dei to andre kommunane.

Utsette sak om detaljregulering Heimtun, Straume

Kommunestyret vedtok med 21 mot 14 røyster (Arbeidarpartiet, SV, Miljøpartiet Dei Grøne og to frå KrF) å utsetja saka og senda ho tilbake til komité for plan og utvikling/administrasjonen for ytterlegare vurdering og korrigering av fleire punkt. Det vert mellom anna bedt om at planområdet vert sett opp mot ønske om heilskapleg byutvikling i området, uteopphaldsareal når det gjeld krav i overordna plan og rekkjefølgjekrav for anleggsbidrag til fellesskapet og parkområde.

Planen legg til rette for å byggja mellom 56 og 73 bustadeiningar i blokker og eventuelt rekkjehus rett sør for Sartor Storsenter.

Dirgentbordet. Varaordførar Tom Georg Indrevik og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.
Dirigentbordet; varaordførar Tom Georg Indrevik og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Detaljregulering Straumsfjellet, Arefjord

Kommunestyret godkjente planen samrøystes. Det vart vedteke to tilleggspunkt. I det eine punktet (føreslått av Arbeidarpartiet) vert det oppfordra til at det skal inngåast ein utbyggingsavtale mellom kommunen og tiltakshavar. Avtalen skal innhalda anleggsbidrag på same måte som for andre tiltakshavarar i sentrumsområdet. Dette punktet vart vedteke med 27 mot åtte røyster.

Etter forslag frå Høgre vart det med 28 mot sju røyster vedteke tilleggspunkt om at det skal gjerast tilpassingar som samsvarar med kvalitetsplan for gater, plassar og parkar for Straume sentrum og anleggsbidrag tilsvarande godkjent reguleringsplan for Straume Panorama.

Planområdet er på om lag 16 dekar, og planen legg til rette for etablering av 83 bustadeiningar med vegar, gangareal, parkering, uteopphaldsareal og leikeareal. Planområdet ligg om lag 500 meter i gangavstand frå Straume sentrum.

Godkjente handlingsplan for energi, miljø og klima

Kommunestyret godkjente Handlingsplan for energi, miljø og klima 2018-2020. Saksordførar Odd Valvatne orienterte om arbeidet med planen. Tematisk er planen ei vidareføring av tidlegare plan, men med auka fokus på energibruk, klimagassutslepp og klimatilpassing. Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen har gjeve innspel til planen. I hovudsak peikar dei på behovet for å sikra oppfølging av klima- og energirekneskapen, og at eit slikt miljøstyringssystem bør forankrast i kommuneleiinga.

Saksordførar Arvid Odd Valvatne
Saksordførar Arvid Odd Valvatne

Økonomirapport pr. 31. august

Rekneskapen etter åtte månader viser eit negativt netto driftsresultat på om lag 23,4 millionar kroner. Kommunestyret slutta seg til innstillinga frå komité for drift og forvaltning der det vert sagt at kommunestyret ser alvorleg på den økonomiske situasjonen. Dersom situasjonen held fram resten av året kan kommunen forventa eit underskot på 23 millionar kroner. Difor vert rådmannen beden om å setja i verk tiltak som ytterlegare bidreg til redusert underskot for 2018. Det heiter også at rådmannen vert beden om å koma tilbake med status og oversyn over tiltak til budsjettkonferansen i haust. Kommunestyret slutta seg til innstillinga frå rådmannen om å rullera/refinansiera to obligasjonslån.

Rekneskapen ved utgangen av august viser eit meirforbruk hjå Eigedomssjefen på om lag sju millionar kroner. Dette skuldast i hovudsak svikt i gebyrinntekter og meirutgifter knytt til energi. Det er eit tilsvarande overforbruk i skulen. Effekten av skulestruktursaka slår fullt ut frå hausten 2019. Nye tiltak som vil påverka økonomien, er start av drift av ROP-huset på Bildøyna (ROP: rus- psykiatri) og drift av lokalmedisinsk senter på Straume.

Kommunal garanti for lån, FjellVAR AS

Kommunestyret vedtok å gje sjølvskuldnargaranti for eit lån på 180 millionar kroner som FjellVAR skal nytta til finansiering av vidare investeringar innanfor vatn og avlaup i perioden 2018-2020. Bakgrunnen for saka er at avlaupsreinseanlegg på Litlesotra skal liggja i fjell og at det fører til ein ekstrakostnad på 178 millionar kroner i forhold til tidlegare planar om daganlegg på Vågo og Knarrvika. Vedtaket om kommunal garanti er avhengig av godkjenning frå Fylkesmannen,.

Aukar ramma for startlån

Kommunestyret vedtok å auka rammene for startlån med 20 millionar kroner for 2018. Saka vert avgjort i kommunestyret. Så langt i år har Fjell kommune betalt ut 42 millionar kroner i startlån. I tillegg har kommunen løyvd 31,5 millionar kroner som er bundne opp i aktive førehandsgodkjenningar. Pr. 23. august stod det igjen 3,5 millionar kroner til utlån. De er kome inn 129 søknader om startlån, og det er fatta 43 positive vedtak. 32 av vedtaka gjeld barnefamiliar. I saksutreiinga skriv rådmannen at endringar i finansavtalelova har ført til ein stramare privat utlånsmarknad. Av den grunn er det kome inn mange søknader om fullfinansiering ved bruk av startlån.

Søknad om fritak frå politisk verv og nyval

Kommunestyret valde Elisabeth Vethe (Ap) til nytt medlem i komité for drift og forvaltning. Odd Arvid Valvatne (Ap) vert nestleiar i komitéen. Dei erstattar Eva Vik (Ap) som har bedt om fritak frå vervet i komitéen.

Val av medlemer til styret i Fjell bustadstifting

Kommunestyret valde fem medlemer med personlege medlemer i Fjell bustadstifting. Styret vert samansett slik: (personleg varamedlem i parantes)

  • Gunnar Sulen, leiar (Tore Lønøy)
  • Elisabeth Vethe (Anne Hestenes)
  • Anita Garlid Johannessen, nestleiar (Knut Thore Algrøy)
  • Egil Morland (Eivind Solsvik)
  • Bjørn Vie (Jan Estensen)

Orienterte om byvekstavtalar

Før behandlinga av sakene orienterte fylkesmann Lars Sponheim om byvekstavtalen for bergensområdet og arealplanlegging. Han opplyste at staten har lagt inn totalt 66 milliardar kroner i byvekstavtalane i landet. Målet med avtalane er at ein stoppar opp auke av personbiltrafikk og legg opp til prosjekt som bidrar til dette. Sponheim opplyste at dei beste prosjekta får pengar. Såkalla beløningsmidlar til kollektivtrafikken inngår i byvekstavtalane.

Lars Spongheim
Lars Sponheim

Sponheim oppmoda Fjell kommune til å vera med på dette og inngå som avtalepart i byvekstavtalen for bergensområdet. Fylkesmannen viste også til samanhengen mellom byvekstavtalane og arealplanlegging. Etter spørsmål frå salen, understreka Sponheim at det framleis vil vera mogleg å «ta heile kommunen i bruk» og leggja til rette for bustadbygging utanom sentera, men at mesteparten av utbygginga må skje i sentrale område.

Det vart også gjeve informasjon om Fjell kommunale pensjonskasse ved styreleiar Alvhild Tofterå Berge og Trigger Jobb AS ved dagleg leiar Øyvind Golten Pettersen og attføringsleiar Britt Alsaker.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 27.09.2018 18:42
Sist endret: 27.09.2018 19:04