Facebook ikon Twitter logo Print side

Gav uttale til rapport og utgreiing om transport

Formannskapet slutta denne veka seg til utgreiinga til rådmannen som omhandla rapporten «Byutredning Bergen trinn 2». Denne rapporten skal inngå i grunnlaget for Nasjonal transportplan 2022-2033. Hovudtemaet i rapporten er å greia ut kva utviding av avtaleområdet for byvekstavtalen har å seia for nullvekstmålet.

IllustrasjonsfotoKollektivtransport er sentrale tema både i utgreiinga og silingsrapporten formannskapet gav uttale til.

Nullvekstmålet inneber at persontransportveksten i dei største byområda skal skje med kollektivtransport, sykling og gåing. I vurderinga i saka går det fram at Fjell kommune ser at analysegrunnlaget som ligg i byutgreiinga kan vera eitt av fleire grunnlag for vidare drøftingar. Men uttalen signaliserer at det er nødvendig med eit breiare grunnlag for å finna dei gode løysingane.

Formannskapet vedtok også at utgreiinga om ein silingsrapport knytt til kollektivtrafikksystemet skal vera høyringsuttalen frå Fjell kommune. Silingsrapporten er utarbeidd i samband med arbeidet Bergen kommune gjennomfører knytt til arbeidet med kommunedelplan for kollektivtrafikksystemet frå Bergen sentrum til Bergen vest. I rapporten vert det vist til to hovudkorridorar for kollektivtransporten. Det er korridor langs riksveg 555 som bind Sund, Fjell, Øygarden og Askøy til Bergen og ein korridor som går gjennom Fyllingsdalen. Denne korridoren bind saman Bergen vest med Bergen sentrum i nord og Ytrebygda i sør.

I vurderinga støttar rådmannen tilråding om å vidareføra buss på korridoren heilt inn til sentrum. Rapporten tilrår ikkje å planleggja utviding av korridoren for bybane frå Storavatnet i Bergen til Straume i Fjell. Dette samsvarar med planarbeidet for Sotrasambandet. I saka formannskapet slutta seg til går det fram at det er viktig å få med kva vekstkraft flytting av godshamn frå Dokken til Ågotnes vil gje. Det vert peika på at sjøvegen vil vera eit ambisiøst og mogleg regionalt satsingsområde som kan binda saman bergensregionen.

Står fast på vedtak om kostnader med 110-sentral

Formannskapet står fast på vedtaket i kommunestyret den 22. november i fjor om dekking av kostnader med 110-sentral. Fjell kommune har motteke ein e-post frå Øygarden brann og redning IKS (ØBR) der det vert vist til eit vedtak gjort i representantskapet til Øygarden brann- og redning den 04.12.18. Det vert bedt om at kommunestyret i Fjell gjer ei ny vurdering av kostnadene med 110-sentralen.

Kommunestyret vedtok den 22. november i fjor at ein faktura på om lag eín million kroner som gjeld kostnader til 110-sentral skal dekkjast av ØBR slik også Sotra Brannvern tidlegare har gjort. Kommunestyret gav eit ekstra tilskot for 2018 på 500 tusen kroner til delvis dekking av rekninga. Det er dette vedtaket formannskapet denne veka har stadfesta.

Tekst og foto: Vigleik Brekke






Sist endret: 08.02.2019