Facebook ikon Twitter logo Print side

Generalprøve kvelden før dagen

Det var nesten fullt hus då Fjell kulturskulekor inviterte til open generalprøve i Foldnes kyrkje kvelden før Ottesong på Luciadagen tidleg torsdag morgon. Dersom du ikkje var der onsdag kveld, kan du trygt stå opp litt ekstra tidleg torsdag morgon og få med deg dette. Det heile startar klokka 07.00.

Frå den opne generalprøven onsdag kveld.
Frå den opne generalprøven onsdag kveld.

Med dirigent Åshild Eriksen i spissen fekk kulturskulekoret oss i førjulsstemning. Liturg Bjarte Nese minna oss om Gud som vart menneske då Jesus vart fødd og at Jesus seier om seg sjølv at han er lyset i verda.

Nese fortalde om kristenforfølginga på 300-talet og om den heilage Lucia som vart forfølgd som kristen på Sicilia. Det låg til rette for at ho skulle gifta seg med ein heidning. Slik gjekk det ikkje.

- Lucia ville ikkje gifta seg med denne mannen, men brukte tida på dei som trong hjelp. Ho vart klaga til den romerske statthaldaren. Det enda med atLucia leid martyrdøden den 13. desember, sa Nese på generalprøven onsdag kveld. Han minna også om profeten Jesaja som fleire hundre år før Kristi fødsel profeterte om barnet som skulle koma og kallast Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far og Fredsfyrste.

Bilete

Dirigentane Åshild Eriksen og Eli Løfvenius hadde ei stødig hand om den vakre korsongen til Fjell kulturskulekor. Musikantane Mai Goto (flygel) og Knut Magnus Bøen på fløyte gav det heile ei vakker musikalsk ramme.

Programmet var som vanleg variert med songar som Pie Jesu, Goder morgon (Luciavise frå Dalsland), Staffans vise, This little babe og allson med «Sjå tusen julelys». Og etter at det offisielle programmet var avslutta, fekk vi «En stjerne skinner i natt som bonussong. Lussekattar fekk vi også!


Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå generalprøven:

 

 

 


Sist endret: 12.12.2018