Facebook ikon Twitter logo Print side

Generasjonstreff - samling til glede for store og små

Eit smil kan sei mykje meir enn ord. Fredag 24. mai var det klart for første generasjonstreff, bebuarar på Fjell sjukeheim og Straume Bu- og Servicenter hadde gleda seg til storinnrykket med alle nurkane. Alder betyr ingenting berre ein har godt humør og ein liten song på lur.

Generasjonstreff - samling til glede for store og små

Barsel Sotra stilte med ein god fin gjeng med foreldre og barn. Det meste av tida gjekk med til å leike og bli kjent. Det vart også tid til nokon barnesonger undervegs, og då var dei eldste gode og ha. Det er faktisk ikkje til å fornekta at dei kan alle versa på det meste. For mange barnesongar har mange vers – spesielt godnatt songane. Vi fann ut at vi ikkje kunne syngje for mange av dei, då stemninga kanskje vart litt for roleg. Då song vi «Hjulene på bussen» og då ble det fart i forsamlinga igjen. To av smårollingane prøvde seg på ein krypestafett i korridoren, men dei vart raskt innhenta av mødre som erkjente at dei no måtte rekna med å sikre dukar og potteplantar i heimen.

Takk til Barsel Sotra for innsamling til fire barnestolar og ein leikekasse med leikar som vart flittig benytta under treffet.

Generasjonstreffa er ein fredag kvar månad, neste treff er 21. juni. Vi gler oss allereie!

Tekst og foto: Unni Sørensen

Fleire bilete


Sist endret: 27.05.2019