Facebook ikon Twitter logo Print side

Gjer klar til handballfest i Sotra Arena

Det er berre nokre dagar til du kan oppleva handball i Sotra Arena i verdsklasse. Deltakarane i firenasjonarsturneringa utanom Noreg er regjerande olympisk meister Danmark, regjerande verdsmeister Frankrike og våre gode vener i vest, Island. I Gjensidige Cup 5. – 8. april vert det seks landskampar med topphandball der Noreg møter Island torsdag klokka 18.15 i den første kampen.

Sotra Arena vert gjort klar til Gjensidige Cup 5. - 8. april
Sotra Arena vert gjort klar til Gjensidige Cup 6. - 8. april.

Noreg imponerte stort med sølv i VM i Frankrike i januar 2017, og det norske landslaget hevda seg også godt i EM i Kroatia i januar i år med ein sjuandeplass. Forventningane er store når bronsevinnar Frankrike kjem til Sotra Arena. Også Danmark gjorde det godt med ein femteplass i turneringa i januar. Alt ligg til rette for seks spennande handballandskampar i Sotra Arena i april. Les plakat her.

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, ønskjer velkomen til handballfest helga etter påske.

- Dette er ein unik sjanse til å sjå topp internasjonal handball i Sotra Arena. Eg har stor tru på at folk frå heile regionen her ute og i resten av bergensområdet vil finna vegen til Gjensidige Cup 2018. Det er nok på torsdag det er størst sjanse for å sikra seg billett no, seier Sandahl Bjorøy.  Park Hae-yun

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy ser fram til nok ein handballfest i Sotra Arena. Biletet er frå Møbelringen Cup i november i fjor der ho møtte den Søre Koreanske ambassadøren, Park Hae-yun
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy ser fram til nok ein handballfest i Sotra Arena. Biletet er frå Møbelringen Cup i november i fjor der ho møtte den sørkoreanske ambassadøren, Park Hae-yun.

Mange frivillige

Desse dagane vert det arbeidd intenst med å leggja handballgolv i arenaen, og mange frivillige er i aksjon. Både Fjell kommune, handballforbundet og Sotra Sportsklubb er i full sving i Sotra Arena.

- Vi gjentar suksessen etter Møbelringen Cup i november. Møbelringen Cup var stort, dette vert minst like stort, seier dagleg leiar i Sotra Sportsklubb, Dan Christensen som ønskjer verdas beste handballspelarar velkomen til Sotra Arena.
Det er TV2 som har rettane til å visa kampane på TV. Men det vert mykje TV-folk å sjå i Sotra Arena desse dagane. Det er godt sal av billettar til kampane, men det er framleis nokre ledige plassar på kampane den første dagen, torsdag. Du finn meir informasjon om kampoppsett og billettsal på nettsida til Norges Håndballforbund

Her er kampoppsettet

  • Torsdag 5. april
    - 18:15 Noreg-Island
    - 20:45 Frankrike-Danmark

  • Laurdag 7. april
    - 15:30 Danmark-Island
    - 18:15 Noreg-Frankrike

  • Sundag 8. april
    - 15:30 Island-Frankrike
    - 18:15 Noreg-Danmark

I tillegg til TV2, stiller både Island, Danmark og Frankrike med eigne TV-team for dekkja dette store arrangementet som gjerne vert kalla Champions League for handballgutane.

Handballprofilar

Med deltakarar frå toppnasjonar som Danmark, Island og Frankrike vert det fleire internasjonale idrettsprofilar å sjå på Sotra i april. Ein av dei mest kjende er den danske spelaren Mikkel Hansen som vart kåra til verdas beste herrespelar i 2011 av det internasjonale handballforbundet. Han kan mellom anna visa til EM-gull med Danmark i 2012.

Ein av handballprofilane på det norske landslaget, Kristian Bjørnsen. Foto: Stephane Pillaud.
Ein av handballprofilane på det norske landslaget, Kristian Bjørnsen. Foto: Stephane Pillaud.

Aktivitetar

På same måte som under Møbelringen Cup vert det ei rekkje aktivitetar knytt til turneringa. Det vert mellom anna næringslivsseminar og ei rekkje aktivitetar for barn og unge. Både Vest Næringsråd og Sartor Storsenter vert involverte i dette. Laurdag vert det Fanzone i Sotrahallen klokka 13 begge dagar. Der kan du prøva på aktivitetar som hoppeslott, trehjulssyklar for dei minste og ansiktsmaling. Les meir her.

I løpet av dei siste åra er det gjennomført ei rekkje landskampar i Sotra Arena. Det er etablert eit nært og godt samarbeid med Norges Håndballforbund, region vest.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 01.04.2018 21:28
Sist endret: 01.04.2018 21:51