Facebook ikon Twitter logo Print side

Gjesteparkering

Parkeringsområdet ved Fjell rådhus, og ved Straume helsesenter/Fjell sjukeheim/Straume bu og servicesenter inkludert parkeringshuset, vert skilta og reservert til besøkande mot gyldig parkeringsløyve frå 15.02.2018.

Parkeringsplass ved Fjell rådhus

Parkering krev at besøkande hentar parkeringsløyve i resepsjonen.

Løyvet vil vere gyldig i inntil fire timar og må leggast godt synleg i frontruta.

Ver merksam på at parkeringsområdet ved desse tenestebygga vil vere reservert både for besøkande og for tilsette ved tenestebygget. Det er såleis vesentleg at parkeringsløyvet for besøkande berre gjeld på parkeringsplassar reservert for besøkande.

Ver også merksam på at parkeringsreglar ved Fjell rådhus berre gjeld i rådhuset si opningstid, frå klokka 08.00 – 15.30 alle dagar med unnatak av tysdagar som har ope fram til kl. 17.20. Det er det øvste dekket ved rådhuset, dekk nr. 1, som vert regulert og skilta som parkeringsplass for besøkande. Parkeringsreglar ved Straume helsesenter / Fjell sjukeheim / Straume bu og servicesenter inkludert parkeringshuset gjeld også utanom tenestebygget si opningstid.

Dersom nokon parkerer i strid med ovannemnte vilkår vil kommunale parkeringsvakter gje ein kontrollsanksjon på kr. 300 (besøkande-parkeringsplass) eller kr. 600 (tilsett-parkeringsplass), og motorvogn kan fjernast for eigars rekning og risiko. Eigar og førar av motorvogn har klagerett i følgje parkeringsforskrifta §§ 44-45. For meir informasjon om kontrollsanksjon og klagerett, sjå vilkårskilt på parkeringsområda.

Bilete av gjestekorta

Parkeringsløyve for gjestar


Publisert: 12.02.2018 08:00
Sist endret: 09.02.2018 07:32