Facebook ikon Twitter logo Print side

Gjester fekk sjå resultat av bustadsosialt arbeid

På onsdag denne veka fekk Fjell kommune besøk av Husbanken og to representantar frå Fylkesmannen. Husbanken har årleg møte med kommunen som er ein av 13 kommunar som er med i kommuneprogrammet til Husbanken.

Delegasjonen besøkte mellom anna Straumeporten
Delegasjonen besøkte mellom anna Straumeporten.

Regiondirektør i Husbanken Vest, Maybel Johansen, likte det ho fekk vera med på i Fjell på onsdag. Husbanken fekk mellom anna status for dei prosjekta banken og kommunen samarbeider om.

- Fjell kommune gjer ein kjempeflott jobb innan det bustadsosiale feltet. Det handlar ikkje berre om prosjekt, men også om samarbeid om planlegging, kompetansebygging og utviklingsarbeid. Eit viktig tema på møtet på onsdag var korleis ein kan ta meir bustadsosiale omsyn i planverket, seier Johansen.

I region vest har Husbanken 13 kommunar som er med i kommuneprogrammet frå dei tre fylka, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Frå Hordaland er Bergen, Askøy, Fjell, Stord og Voss med i programmet. Gjestene fekk synfaring på lokalmedisinsk senter og Straumeporten, to prosjekt banken og kommunen samarbeider om.

Frå leige til eige

I Straumeporten har Fjell kommune kjøpt 18 husvære. Husbanken har støtta desse to prosjekta med mange millionar kroner i tilskotsmidlar.

- Dei som har fått tildelt kommunalt husvære og som seinare ønskjer å eiga det, kan få startlån frå kommunen, seier Johansen. Så langt i år har kommunen betalt ut over 50 millionar kroner i startlån. Kvart år får kommunen overført midlar frå Husbanken som vert vidareformidla som startlån (tidl. etableringslån).

Leiar av bustadkontoret i Fjell og programleiar for bustadsosialt velferdsprogram (kommuneprogrammet), June Johannessen, opplyser at 88 prosent av utbetalingane i startlån har gått til barnefamiliar så langt i år. Ho seier at møtet i går var todelt. Første delen av dagen handla om oppfølging/årleg møte i Husbanken sitt kommuneprogram.

Fjell kommunehar kjøpt 18 husvære i Straumeporten.
Fjell kommunehar kjøpt 18 husvære i Straumeporten.

På det årlege møtet med Husbanken er det toppleiinga i Husbanken som møter rådmann, programleiar og fagleiar. I år var også ordførar Marianne Sandahl Bjorøy med. På møtet er det drøfting av dei ulike målsetjingane. Kommunen må gjera greie for kva bustadsosiale mål som er nådd. Det er også gjennomgang av utbetaling av startlån, nullvisjon bustadlause og mykje meir.

Synfaringa på lokalmedisinsk senter vart leia av prosjektleiar Eirik Milde med hjelp av omsorgssjef Line Barmen og helsesjef Terje Handal. I Straumeporten vart delegasjonen møtt av Astrid Aag (økonomisjef) og  Lars-Petter Einarsen (assisterande eigedomssjef) som presenterte prosjektet frå utbyggar. Deretter vart Husbanken vist kva type bustader kommunen har kjøpt i prosjektet.

Fjell kommune var også representert ved sosialsjef Tove Helleland. Ho er fagansvarleg for kommuneprogrammet i Fjell og representerte rådmannen på møtet i går.


Tekst: Vigleik Brekke/June Johannessen
Foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 08.11.2018 09:43
Sist endret: 08.11.2018 09:59