Facebook ikon Twitter logo Print side

Gjev innstilling på 2017-budsjettet

Komité for drift og forvaltning (KDF) skal på møtet den 6. desember gje innstilling på budsjettet for 2017. I forkant av komitémøtebehandlinga skal administrasjonsutvalet behandla budsjettet. I administrasjonsutvalet sit også fire representantar frå dei hovudtillitsvalde.



Budsjettsaka er samansett av kommuneplanen sin handlingsdel 2017-2020, årsbudsjett 2017 og økonomiplan 2017-2020. Etter første behandling i KDF den 1. november, gjekk saka til formannskapet som den 9. november la framlegget frå rådmannen med endringsframlegg ut til offentleg høyring. På møtet på tysdag skal komitéen gje endeleg innstilling til kommunestyret.

Dersom kommunestyret den 15. desember vedtek budsjettet med dei fleirtalsframlegga som følgjer saka, vil det verta investert for om lag 360 millionar kroner i 2017. Driftsbudsjettet har ei ramme på om lag 1,7 milliardar kroner.

Andre saker i komité for drift den 6. desember

  • Endring i Forskrift om vass- og avløpsgebyr for Fjell kommune
  • Ny trekkrettighet bank
  • Kommuneplanen sin handlingsdel 2017-20120, årsbudsjett 2017, økonomiplan2017-2020
  • Godkjenning av arbeidsprogram for plan for kulturminne 2016-2020
  • Folkehelseprisen 2016
  • Kulturprisen 2016
  • Årleg rullering av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet - søknader om
    spelemidlar for tildelingsåret 2017
  • Høyringsuttale: Framlegg om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av
    bygningar frå 2020
  • Rullering IKT-strategi 2016
  • Søknad om salsløyve for alkohol - Bunnpris Sartor senter -
    verksemdsoverdraging
  • Transparency International Norge - søknad om medlemskap
  • Kandidatar til styreverv i Norsk kulturskuleråd - Hordaland 2017-19

Føre behandlinga av sakene i KDF, vert det orientering om bustadkontoret.

Møtet tek til klokka 16.00 (administrasjonsutvalet) og vert halde i komitésalen i Fjell rådhus.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 02.12.2016 23:49
Sist endret: 02.12.2016 23:52