Facebook ikon Twitter logo Print side

Gjev støtte til vanskelegstilte

Etter at Fjell kommune i desember 2015 overtok Eldrebustadene på Møvika, har stiftinga endra vedtektene slik at det no er mogleg å gje økonomisk støtte til dei som har behov for det. Støtteordninga er retta mot eldre og/eller andre vanskelegstilte som bur i Fjell kommune.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Etter at Eldrebustadene på Møvika (biletet) er overteke av kommunen, har stiftinga endra vedtekene og gjort det mogleg å gje økonomisk støtte til vanskelegstilte.
Etter at Eldrebustadene på Møvika (biletet) er overteke av kommunen, har stiftinga endra vedtekene og gjort det mogleg å gje økonomisk støtte til vanskelegstilte.


- Vi har om lag seks millionar kroner på konto, og vi tek sikte på å dela ut ein del av desse midlane etter søknad allereie i år. Vanleg søknadsfristar er 1. mai og 1. november. I år er den første fristen utsett til 1. juni, seier styreleiar for stiftinga, Oddmund Ro. Han gjev stor ros til kommunen for samarbeidet om overtaking av eldrebustadene.

Enkeltpersonar, familiar, organisasjonar, institusjonar eller lag og foreiningar kan søkja om støtte. Stiftinga presiserer at med eldre og andre vanskelegstilte meiner dei personar som treng hjelp på grunn av dårleg økonomi, nedsett fysisk/kognitiv funksjonsevne, helsemessige og/eller sosiale problem.

Oddmund Ro
Oddmund Ro

- Vi har ikkje sett noko ramme for kor mykje som skal delast ut i år, men eg oppmodar enkeltpersonar, organisasjonar og andre om å søkja dersom dei har behov for økonomisk hjelp. Kanskje handlar det om ein familie som opplever det vanskeleg å betala det det kostar å la barna få vera med på fritidsaktivitetar, seier Oddmund Ro.

Ro understrekar at alle søknadene vert behandla konfidensielt.

Les meir på nettsida til stiftinga her


Tekst og foto: Vigleik Brekke




Publisert: 04.05.2017 22:57
Sist endret: 04.05.2017 23:09