Facebook ikon Twitter logo Print side

Gjev støtte til vanskelegstilte

Etter at Fjell kommune i desember 2015 overtok Eldrebustadene på Møvika, har stiftinga endra vedtektene slik at det no er mogleg å gje økonomisk støtte til dei som har behov for det. Støtteordninga er retta mot eldre og/eller andre vanskelegstilte som bur i Fjell kommune.

Eldrebustader på Møvika

Det vart delt ut pengar frå stiftinga første gong etter at søknadsfristen gjekk ut i mai i år. No er det klart for ein ny runde der det vert gjeve støtte til dei som har særskilte behov.

Søknadsfrist

- Fristen for å søkja om støtte denne gongen er 1. november. Kanskje handlar det om ein familie som opplever det vanskeleg å betala det det kostar å la barna få vera med på fritidsaktivitetar, seier leiar i styret for stiftinga Oddmund Ro.

Oddmund Ro
Oddmund Ro

Enkeltpersonar, familiar, organisasjonar, institusjonar eller lag og foreiningar kan søkja om støtte. Stiftinga presiserer at med eldre og andre vanskelegstilte meiner dei personar som treng hjelp på grunn av dårleg økonomi, nedsett fysisk/kognitiv funksjonsevne, helsemessige og/eller sosiale problem.

Alle søknadene vert behandla konfidensielt.

Annonse

Annonse

Les meir på nettsida til stiftinga her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 05.10.2017 07:43
Sist endret: 05.10.2017 07:49