Facebook ikon Twitter logo Print side

Gjev uttale til areal- og transportplanar

Formannskapet skal på møtet den 8. mars drøfta kva høyringsfråsegner kommunen skal gje til to areal- og transportplanar utarbeidd av Hordaland fylkeskommune. Det er kommunestyret som til sist vedtek fråsegnene frå Fjell.

Kollektivtransport er eit sentralt tema i planutkasta.
Kollektivtransport er eit sentralt tema i planutkasta.


Når det gjeld «Regional areal- og transportplan for bergensområdet 2017-2028» meiner rådmannen at planutkastet framleis legg opp til ei for sterk sentralisering. Premissane knytt til kollektivtransport er for sterkt styrande for utviklinga av andre viktige samfunnsfunksjonar. I utkastet til høyringsuttale skriv rådmannen at forvaltning av planen ikkje må hindra ei positiv utvikling i bygdene og utanfor dei største sentera og leggja band på handlingsrommet i arealplanane til kommunane. Han meiner også at planen i for liten grad har vurdert situasjonen for stader med låg eller ingen kollektivdekning og spreidd busetnad.

Det ligg også føre rullering av «Regional transportplan for Hordland 2018-2029». Rådmannen meiner at plandokumentet manglar omtale, drøftingar og perspektiv for kva situasjon som vil gjelda når ei rekkje av kommunane i Hordaland om kort tid går saman i nye og vesentleg større einingar. Han er glad for at planen understrekar fylket si rolle i arbeidet med å få realisert Sotrasambandet, men understrekar likevel at det er viktig å prioritera fylkesvegane 561 og fylkesveg 555 frå Kolltveit til Øygarden og Sund kommunar.

Både når det gjeld denne planen og planen for bergensområdet meiner rådmannen at ein ikkje ønskjer ein plan som søkjer å heimla retten til å gje motsegn mot planar og vedtak i primærkommunane. Det vert også understreka kor viktig det er å leggja til rette for innfartsparkering.

Kartlegging av området kring Fjell festning

Forsvaret (Marinens jegervågen) har etter uromeldingar og synfaring tidlegare lagt fram ein rapport der det vart tilrådd å undersøkja vatna i området. Med skjønsmidlar frå Fylkesmannen har Multiconsult no gjennomført ei miljøkartlegging og gjennomsøking i festningsområdet. Undersøkingane stadfestar i stor grad kjent kunnskap om eksplosiv- og miljøsituasjonen på Fjell festning. Når det gjeld Rotatjern føreslår rådmannen at det vert gjennomført tiltak i samråd med Forsvarsbygg (dykking eller nedtapping). Det står no igjen 180 tusen kroner i prosjektmidlar. Rådmannen føreslår at desse midlane vert nytta til eit oppryddingstiltak i Rotatjern i 2017. Det er også tilrådd å gjennomføra miljøkartlegging med jamne mellomrom. I saka er det innstilt på at saka vert teken til orientering.

Demokratiprosjekt knytt til kommunereforma

Rådmannen går inn for at dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden deltek i prosjektet «Fornying og utvikling av lokaldemokratiet i kommunar med vedtak om samanslåing». Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har invitert kommunar som arbeider med samanslåing om å delta i eit nytt toårig prosjekt for å utvikla lokaldemokratiet. Den førebuande fellesnemnda ønskjer også dette, men det må gjerast vedtak i dei tre kommunestyra for å kunna delta i prosjektet.

Hovudtema på samlingane i prosjektet vert kva lokaldemokrati kommunane ønskjer å utvikla for den nye kommunen, korleis ein skal organisera og utforma den politiske styringa og korleis ein skal sikra eit godt samspel mellom kommunen og innbyggjarane. Målgruppe er politikarar og representantar. Inntil sju personar i kvar kommunekonstellasjon kan delta i prosjektet. I tillegg til politikarsamlingar, vert det lagt opp til prosjektleiarsamlingar for ansvarlege frå administrasjonen.

Møtet vert halde i komitésalen på Fjell rådhus og tek til klokka 15.00. Før behandlinga av sakene, vert det orientering om miljøkartlegging kring Fjell festning.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 02.03.2017 14:51
Sist endret: 02.03.2017 14:57