Facebook ikon Twitter logo Print side

Gler seg over framgang i TV-aksjonen

Innbyggjarane i Fjell gav 53 tusen meir i til TV-aksjonen i bøssene i år enn i fjor. Leiar av komitéen i Fjell, Eli Årdal Berland, gler seg over at det kom inn kr 403 938 kroner i bøssene til Kirkens Bymisjon.

Eli Årdal Berland gler seg saman med dei andre glade pengeteljarane.
Eli Årdal Berland (til venstre) gler seg saman med dei andre glade pengeteljarane.

For ei tid tilbake såg det litt dårleg ut med tanke på å sikra tilstrekkeleg med bøsseberarar, men det ordna seg til slutt. Årdal Berland var naturleg nok spent på resultatet då oppteljinga var klar sundag kveld.
 
- Dette resultatet er fantastisk. Det var vått og kaldt for dei som gjekk rundt med bøssene. Det var svært gledeleg at dei som gjekk rundt og banka på dørene fekk så gode tilbakemeldingar. Der vart tekne godt imot og fekk mange oppmuntringar, seier den tidlegare ordføraren.

I tillegg til det som vart samla i bøssene, kjem det som innbyggjarane sender inn direkte til aksjonen. Her kan du lesa om resultatet frå Fjell.    
Leiar i Fjell frivilligsentral, Stine Sanden, opplyser at det endelege resultatet er klart om nokre dagar. Som vanleg er Fjell frivilligsentral sekretariat for TV-aksjonen.

Årdal Berland rosar også elevane frå valfaget i ungdomsskulen, «Innsats for andre», som deltok i innsamlingsaksjonen.

- Dei var svært entusiastiske, seier ho.

Den lokale aksjonskomitéen  Fjell deltok også i aksjonen «Mat med meining» som var ein del av TV-aksjonen. Dei to restaurantane Egon og O´Learys bidrog med 11 tusen kroner.

Komiteen var i år samansett av Eli Årdal Berland (H, leiar), sekretariat: Fjell Frivilligsentral ved Stine Sanden og Aina Vatnvåg-Fjeldstad, ressurspersonar; kommunestyrerepresentant Hilde E. Lohmann Sandal (AP), rektor på Skålevik skule Bente Kleppe Lervik, Fjell UKS v/leiar Vilde Indrevik og Sotra Rotaryklubb v/Bjørn Arvid Straume.

 
Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 21.10.2018 21:43
Sist endret: 21.10.2018 21:48