Facebook ikon Twitter logo Print side

Gler seg over utvida og rehabilitert skule

Saman med 250 andre elevar og 45 tilsette kan dei tre elevane Nathalie, Susanne og Tonje hoppa av glede over ein rehabilitert og utvida Landro skule. I dag klipte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy over snora for å markera ei etterlengta offisiell opning på Landro.

Tonje, Susanne og Nathalie gler seg over det dei opplever som ein ny skule på Landro.
Tonje, Susanne og Nathalie gler seg over det dei opplever som ein ny skule på Landro.

Resultatet av å bruka 75 millionar kroner inklusive meirverdiavgift på Landro er rehablitert administrasjonsfløy, 14 nye klasserom og SFO-base. Prosjekt- og byggjeleiar Jostein Sangolt Foldnes opplyser at arealet er utvida med 2 200 kvadratmeter, medan 750 kvadratmeter er pussa opp. Skulen er dimensjonert for 300 elevar.

Ordføraren starta med å rosa skulen for flott song og ein høgtideleg og vakker velkomst der elevane vandra inn i gymnastikksalen på rad og rekkje til tonar vi kjenner igjen frå Royal Albert Hall. Ordføraren var er fullt klar over at det var ei utfordring å gjennomføra ei krevjande ombygging samstundes som undervisninga skulle gå for fullt.

- Lærarane og elevane har vore tolmodige, men dei har jo vore klar over at det vert verre før det vert betre. I mange år har Landro skule nytta, det vi politikarar likar å kalla, paviljongar for å gjennomført undervisninga. Eg er glad for at no har vi samla dette i ordinære bygg og kan kvitta oss med paviljongane, sa Marianne Sandahl Bjorøy.

Ordføraren fekk også gleda av å vera til stades på Landro den første skuledagen i midten av august i år.

- Det som er spesielt for Landro dette skuleåret, er at Misjeelevane fekk sin første skuledag her på Landro, sa ordføraren.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy klipper av snora.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy klipper av snora.

Misje-elevar likar seg på Landro

Og Nathalie Misje (6b), Susanne Viken Misje (5a) og Tonje Wruck (5a) er mellom dei om lag 50 elevane som kom frå Misje frå skulestart i midten av august. Alle dei tre elevane opplevde det som trist og vemodig at det vart slutt på undervisning på Misje. Men samstundes gler dei seg over flotte undervisningslokale på Landro og nye vener. Dei har også vendt seg til med å ta buss til og frå skulen kvar dag.

- Vi fekk besøkja Landro skule i vår og fekk møta dei elevane vi skulle gå saman med på Landro. Det har gått veldig bra å vera elev her. Her er flott leikeutstyr og fine fargar. Eg opplever at alle i klassen er gode vener, seier Nathalie.

Susanne kan skriva under på det same.

- Overgangen til Landro har gått fint. På Misje var det to klassar i same klasserom. Eg synest det er lettare å læra når alle elevane tilhøyrar same trinnet, seier Susanne.

Tonje gler seg også over dei fine fargane og den flotte skuleplassen med nye leikeapparat.

- Eg likar klatrestativet og snurreringen best, seier Tonje.

Elevane Leon Engeseth Kjeilen (6a) og Marcus Solsvik-Bute (7b) hadde fått oppdraget med å ønska velkomen til opningsfest i gymnastikksalen. Dei kunne mellom anna fortelja at alle klasseromma har fått stadnamn frå området. Dei avslutta med å proklamera i kor:

- Hipp hurra for verdens beste skule, Landro skule, takk for oss!

Elevane har fått utfolda seg og sett sitt preg på utsida av bygget også.
Elevane har fått utfolda seg og sett sitt preg på utsida av bygget også.

Travel tid for rektor

Dette var naturleg nok ein stor dag for rektor Anita Vabø. Men det har vore travelt dei siste to-tre åra. På toppen av rektorjobben, har ho hatt eit viktig koordinerande ansvar for å få gjennomført prosjektet.

- No er alt på plass. Det manglar berre nokre møblar på biblioteket. Vi har tjuvstarta bruken av bygget, og vi kan slå fast at det fungerer heilt supert. Vi har hatt eit godt samarbeid med foreldra og FAU for å få dette til, sa Vabø då alle var samla i gymnastikksalen.

Då rektoren seinare skulle summera opp dette prosjektet kunne ho ikkje rosa nok dei ho har samarbeidd med. Det vart delt ut blomar til ei rekkje aktørar som har bidrege til at prosjektet kunne gjennomførast. Avdelingsleiar Lisbeth Hjelle overrekte blomar til rektor Anita Vabø for hennar strålande flotte jobb i byggjeperioden.

Sartor Maskin har vore totalentreprenør for prosjektet, medan Norconsult har vore arkitekt. Jostein Sangolt Foldnes takka både entreprenør, skulen og skulesjefen for å vera svært løysingsorienteret. Skulesjef Wilhelm Landro rosa aktørane for å våga å gjennomføra prosjektet. Han viste til at det også skal gjennomførast andre prosjekt i dette området i tida som kjem.

I dag var det fest for alle.
I dag var det fest for alle.

Entreprenør Kåre Bjorøy takka for oppdraget og understreka på det sterkaste at han ikkje ein einaste gong har vore irritert på rektor Anita Vabø. Han takka for godt samarbeid med prosjektleiar og at det har vore vist stort tolmod i byggjeperioden. Leiar av komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, snakka om framtida og kor viktig det er at folk opplever at Fjell kommune er «eín», der dei kan erfara at Fjell kommune maktar å samordna tenestene.

På Landro er det alltid gode musikalske innslag når det vert invitert til fest. Slik var det også denne gongen. André Algrøy leia flott og kreativ allsong, og Rune Lynglund spelte på kornett då ordføraren omkransa av alle elevane i skulegarden skulle klippa av snora for å erklæra ombygginga og rehabiliteringa for offisielt opna.

Etter den offisielle opninga, vart det boller og brus på elevane og kaffi og kaker på dei andre........

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen

Her er fleire bilete frå opninga:

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.Rektor Anita VabøFrå venstre; Jostein Sangolt Foldnes, Anita Vabø og Wilhelm Angevik (skulesjef).Leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen.

 

 


Publisert: 29.10.2018 17:20
Sist endret: 29.10.2018 17:37