Facebook ikon Twitter logo Print side

Gler seg til å ta imot nye elevar

Elevane på Brattholmen skule gler seg til å ta imot elevane frå Liljevatnet frå hausten av. Elevane på Liljevatnet skule gler seg også, men er likevel spente på korleis det vil verta å gå på ein ny skule frå hausten av.

Rektorane Dagfinn Ellingsen og Anja Solli samarbeider tett og godt for å sikra ein god overgang for elevane frå Liljevatnet.
Rektorane Dagfinn Ellingsen og Anja Solli samarbeider tett og godt for å sikra ein god overgang for elevane frå Liljevatnet. 

Leiinga på Brattholmen skule og Liljevatnet skule har i lengre tid samarbeidd tett for å leggja til rette for skulestart på Brattholmen skule i august. Det ser ut til å verta totalt 15 klassar og om lag 310 elevar skuleåret 2019/2020 når også elevane frå Liljevatnet-krinsen skal gå på Brattholmen skule.

- Som rektorar gler vi oss over at elevane ser ut til å sjå fram til skulestart. Det er også gledeleg at dei tilsette og FAU på dei to skulane samarbeider godt om å sikra ein trygg og god overgang for alle dei om lag 90 elevane frå Liljevatnet-krinsen, seier rektor på Liljevatnet skule, Dagfinn Ellingsen og rektor på Brattholmen skule, Anja Solli.

                    «Hei. Eg heiter Jenny. Eg likar å turne. Det blir koselegt visst dere kunne kome på besøk.
                    Jenny, 1. trinn på Brattholmen skule i brev til elevane på Liljevatnet.»

Godt samarbeid

Etter fellesmøte mellom FAU og leiinga på dei to skulane, er det semje om å gjennomføra ei rekkje tiltak som sikrar ein god skulestart for alle elevane. Lærarane på dei to skulane har hatt og skal ha fleire trinnvise møtepunkt for elevane. Dette bidreg til at det vert skapt trygge rammer og venskap mellom elevane. Det vert lagt vekt på at både lærarar og assistentar på Liljevatnet skule vert godt kjende med Brattholmen skule og dei tilsette der.

- Det varierer korleis elevane taklar ein situasjon der dei skal gå på ein ny skule. Nokre elevar treng gjerne litt meir tid for å takla ein slik situasjon. Vi vil gjera det vi kan for at alle skal oppleva ein god overgang. Vi registrerer at foreldra har fleire spørsmål knytt til overgangen. Fleire er opptekne av samansetjinga av klassane, skuleskyss, spørsmål om målform og spesielle behov. Det er utarbeidd overføringsplan for dei elevane som har spesielle behov, seier Dagfinn Ellingsen.

                    «Hei. Eg heiter Jonas. Eg likar å spille fotball. Vi lover at dere får komme på besøk.»
                    Brev frå Jonas (1. klasse) til elevane på Liljevatnet skule.

Skuleskyss og trafikksikring

Skulesjefen pliktar å sjå til at alle som har krav på gratis skuleskyss, får det. Det er opplæringslova som regulerer dette. Der går det mellom anna fram at elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.

- Leiinga på Brattholmen skule søkjer om fri skuleskyss for alle elevane som har rett på det, opplyser rektor Anja Solli.

I dette området skal det opparbeidast ny parkeringsplass.
I dette området skal det opparbeidast ny parkeringsplass.

Like over påske startar arbeidet med å flytta vegen som i dag går like nord for skulen. Dette vil gje betre tilkomst. I dette området skal det også opparbeidast 40 parkeringsplassar. Konsekvensen av å opparbeida ny parkeringsplass vert større uteområde for skulen. Noverande parkeringsplass utanfor gymnastikksalen på sørsida vert erstatta med utvida snuplass for dei som transporterer elevane til og frå skulen med personbil. Bussane skal framleis snu på Brattholmen kai og stoppa ved busstoppet.

                    «Hei. Jeg heter Luca. Jeg liker å spille fotball. Jeg gleder meg til dere kommer.»
                    Brev frå Luca, 1.trinn på Brattholmen skule i brev til elevane på 1.trinn Liljevatnet.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 19.03.2019