Facebook ikon Twitter logo Print side

Gler seg til språkreise til Frankrike

Emilie Gjerstad i klasse 10c på Fjell ungdomsskule er ein av 31 elevar som gler seg til ein sju dagar lang studietur til Frankrike tidleg i november.

Emile Gjerstad gler seg til å praktisera fransk.
Emile Gjerstad gler seg til å praktisera fransk.

Dei to klassane har fått ein unik sjanse til å praktisera fransk i ei veke etter at klassane har fått økonomisk støtte til både tur og opphald med Trollstipend  frå Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Elevane vert innkvarterte privat eller i ungdomsherberge og set kursen mot Frankrike den 4. november.

Emilie har store forventningar til turen.

- Eg håpar at eg med dette opphaldet kan verta tryggare på å snakka fransk med andre. Eg likar utfordringar, og har forventingar om at dette skal eg klara. Eg ser fram til å verta kjent med landet og byen vi skal til. Eg ønskjer å læra korleis folk lever, og difor valde eg å bu privat hjå ein vertsfamilie. Det er ein effektiv måte å læra fransk på, seier Emilie Gjerstad.

God hjelp frå Skulesjefen

Trude Kårstad er ein av tre lærarar som skal vera med på turen til Frankrike.

- Vi fekk tips om Diku gjennom ein føresett og ein elev, og med god hjelp frå Anne Swensson hjå Skulesjefen har vi fått dette til. Swensson tipsa oss om skular i det aktuelle området vi kunne ta kontakt med. Dermed kunne vi i søknaden visa til at Fjell kommune allereie har kontaktar i dette området, seier Kårstad.

Dei to franskklassane på Fjell ungdomsskule har fått invitasjon frå fire ungdomsskular og to barneskular i to område i Rouen/Sotteville-lés-Rouen. Dette er urbane område om lag 15 mil frå flyplassen i Paris. Det er også planar om å besøkja ein vidaregåande skule i Lycée Corneille, der mange norske ungdomar tek «baccalauréat».

Kårstad opplyser at elevane vil få delta i undervisning i fag som mat og helse. Ved å gjera ting i lag i undervisningssituasjonen vil elevane få god trening i snakka fransk. Elevane får også høve til å vera med på noko historisk på turen til Frankrike. I november der det nemleg 100 år sidan første verdskrigen vart avslutta.

- Elevane skal vera med på ei minnemarkering på ein av skulane den 9. november. Vi skal også besøkja rådhusa i dei to områda, seier Kårhus.

Emilie Gjerstad seier at for henne stod det mellom spansk og fransk då ho skulle velja det andre framandspråket på ungdomsskulen.

- Eg er svært interessert i fransk. Dette språket kan minna litt om engelsk i bøyingsformene, og det er jo eit litt eksklusivt språk. Ingen andre i familien kan dette språket, og dermed kan eg setja standarden og ha kontrollen, smiler Emile.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 25.10.2018 11:14
Sist endret: 25.10.2018 11:20