Facebook ikon Twitter logo Print side

God mat og måltider gjev livskvalitet

Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) var mest oppteken av mat og måltider då ho besøkte Kvednatunet på Ågotnes i går. Ho fekk også gleda av å servera kjøttkaker i brun saus med ertestuing til bebuarane.

Åse Michaelsen helsar på Margunn Tellnes. Til venstre; Johanne Kristine Ågotnes. På biletet ser du også Tone Tangen Alvsvåg.
Åse Michaelsen helsar på Margunn Tellnes. Til venstre; Johanne Kristine Ågotnes. På biletet ser du også Tone Tangen Alvsvåg.

- Mat og måltider er eit viktig del av stortingsmeldinga "Leve hele livet", sa statsråden då ho møtte konstituert styrar på Kvednatunet, Ruth Sangolt, Tonje Tangen Alvsvåg frå Omsorgssjefen og kokk Marianne Misje Landro.


Statsråden ville gjerne til Fjell for å oppleva korleis eit lokalt kjøken kan gje god kvalitet på mat og måltid. Dette er ifølgje Michaelsen eit godt alternativ til å få tilkøyrt mat frå storkjøken. Regjeringa ønskjer å stimulera kommunane til å erstatta tilkøyrt varmmat med produsert mat i lokale kjøken i institusjonar og omsorgssenter. Regjeringa legg til rette for tilskotsordningar for dette.

Endring på Kvednatunet

Fram til februar i år har Kvednatunet fått levert varmmat frå Fjell sjukeheim, men dei siste fire månadene har varmmaten vore laga på lokalt på kjøkenet på Ågotnes. Dermed får dei 40 bebuarane på Kvednatunet og dei som har dagavdelingsplass no kortreist varmmat. Også dei som bur i Vasshilderen burettslag får tilbod om kjøpa varmmat frå det lokale kjøkenet.

Bebuar på Kvednatunet, Inger Syltøy, har tidlegare arbeidd på storkjøken.

- Vil du stå her og lagar mat når eg kjem hit neste gong, ville statsråden vita.

- Nei, no er eg pensjonist, svarte Inger som føretrekte å få servert maten slik det no vert gjennomført på Kvednatunet. Og statsråden måtte svara for seg kvifor ho hadde funne vegen til Kvednatunet denne dagen.

Statsråden i munter prat med Gullborg Kirkeby.
Statsråden i munter prat med Gullborg Kirkeby.

Etter at dei hadde sunge for maten, var bebuarane klare for måltid med ekte norsk tradisjonsmat, kjøtkaker i brun saus. Desserten, sjokoladepudding med vaniljesaus, var heller ikkje noko å seia på.

Konstituert styrar Ruth Sangolt opplyser at maten vert servert både i fellesstover og på romma til bebuarane. Etter omlegginga har Kvednatunet styrkt bemanninga med Marianne Misje Landro som lokal kokk. Det vert også lagt til rette for at bebuarane vert inkludert i samtale og dialog når det vert bakt på Kvednatunret. Og i mange år har kokken laga til festmiddagar  for bebuarane. Kva laurdag kveld lagar kokkane til ekstra kos med varmmat.

Ministeren meiner det kan skapast ei spennande ramme rundt matserveringa.

- Alt knytt til matlaging, maten og sjølve måltidet betyr mykje for brukaren. Kanskje kan dei vera med og skrella poteter. Ved serveringa kan det til dømes setjast fram ei gryte der ein auser opp maten. Det kan gjerast fleire små grep som ikkje kostar mykje, sa statsråden som sette stor pris på å få oppleva korleis det vert lagt til rette for bruk av lokalt kjøken på Kvednatunet. 

Tonje Tangen Alvsvåg fekk også litt tid til å snakka om prosjektet "Sjef i eige liv". Målet med dette prosjektet er å  leggja til rette for at folk med redusert helse få hjelp og støtte slik at dei fleste framleis kan bu heime og vera sjef i eigne liv.

Her er fleire bilete frå besøket

Frå venstre; Inger Syltøy, Åse Michaelsen og Gullborg Kirkeby.Damer i nordavinden. Frå venstre; Ruth Sangolt, Åse Michaelsen og Tonje Tangen Alvsvåg.


Publisert: 27.06.2018 09:37
Sist endret: 27.06.2018 10:09