Facebook ikon Twitter logo Print side

Siger for Noreg i første kamp

Det var god stemning i Sotra Arena torsdag kveld då Noreg innleia Gjensidige Cup med å slå Island 31-29.              - Eg håpar Håndballforbundet er nøgd med å bruka Sotra Arena til slike kampar, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, då ho helsa til handballfolket og gjester i pausen mellom første og andre kamp den første kampdagen.

Bjarte Myrhol var ein av profilane på det norske landslaget torsdag kveld.
Bjarte Myrhol var ein av profilane på det norske landslaget torsdag kveld. Foto: Martin Eilertsen.

Rundt tre tusen tilskodarar var til stades på den første kampen. Til dei fire siste kampane, laurdag og sundag, er det meldt om fulle hus. Då skal Island, Danmark, Frankrike og Noreg kjempa om sigeren i turneringa.

Anders Fältnes har tidlegare trent Fyllingen og er no ny sportsleg leiar i Sotra Sportsklubb håndball. Han legg ikkje skjul på at Sotra Arena er ypperleg for landslagsturneringar som dette.

Stolt ordførar

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy viste til at denne turneringa er den andre i løpet av få månader. I november konkurrerte fire toppnasjonar i handball for kvinner i Møbelringen Cup.

- Det er spennande at Håndballforbundet ønskjer å bruka Sotra Arena. Med denne hallen, fotballhallen og turnhallen som er under bygging, vert dette eit stort idrettsanlegg midt i den nye kommunen med 40 tusen innbyggjarar. Eg håpar Noreg vinn alle kampane og vinn heile turneringa, sa ordføraren som også viste til at Øygarden kommune om nokre månader kan ta i bruk eit flott idrettsanlegg når Hjeltefjorden Arena er klar til bruk i august.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy. Foto: Martin Eilertsen.

Anders Fältnes samtalte med to av handballprofilane på det norske landslaget, Sander Sagosen og Magnus Abelvik Rød.

- Kva tid vil Noreg gå heilt til topps i ein meisterskap, ville Fältnes vita.

- Det tek me gjerne på heimebane i 2020, svarte Rød.

Rød spelar på SG Flensburg-Handewitt kunne fortelja om ein travel kvardag med topphandball i Tyskland der det ofte er tre kampar i veka.

- Alt er mykje meir proff der nede enn det vi kan få til i Noreg, sa landslagsprofilen.

Gutane stod på

Sander Sagosen var ikkje med på kampen torsdag. Han var godt nøgd med innsatsen til dei som spelte den første kampen.

- Gutane stod på, og mange debutantar gjorde morosame figurar, sa Sagosen.

Frå venstre; Magnus Abelvik Rød , Anders Fältnes og Sander Sagosen.
Frå venstre; Magnus Abelvik Rød , Anders Fältnes og Sander Sagosen. Foto: Vigleik Brekke

Fire kampar igjen

Firenasjonarsturneringa er slett ikkje over. Etter ein kampfri dag på fredag brakar det laust med to kampar på laurdag og to kampar på sundag. Slik er kampoppsettet resten av turneringa:

Laurdag 7. april
- 15:30 Danmark-Island
- 18:15 Noreg-Frankrike

Sundag 8. april
- 15:30 Island-Frankrike
- 18:15 Noreg-Danmark

Aktivitetar

På same måte som under Møbelringen Cup vert det ei rekkje aktivitetar knytt til turneringa. Det vert mellom anna næringslivsseminar og ei rekkje aktivitetar for barn og unge. Både Vest Næringsråd og Sartor Storsenter vert involverte i dette. Laurdag vert det Fanzone i Sotrahallen klokka 13 begge dagar. Der kan du prøva på aktivitetar som hoppeslott, trehjulssyklar for dei minste og ansiktsmaling. Les meir her.

Tekst: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå handballfesten i Sotra Arena. Alle foto: Martin Eilertesen

 

 


Publisert: 05.04.2018 22:01
Sist endret: 05.04.2018 22:24