Facebook ikon Twitter logo Print side

Gode skattetal for Fjell

I 2018 fekk Fjell kommune 743,5 millionar kroner i skatteinntekter. Dette er ein nominell vekst på 5,3 prosent i forhold til året før.

Illustrasjonsfoto.

Oversynet frå Fylkesmannen på skatt på formue og inntekt for 2018 viser at Fjell kommune med dette fekk inn 101,5 prosent av budsjetterte skatteinntekter. Dette skjedde trass i at Fjell kommune i 2018 hadde budsjettert med ein skattevekst på 3,8 prosent i forhold til rekneskapen for 2017.

Rådmann Steinar Nesse gler seg over gode skattetal. Ifølgje rådmannen har Fjell kommune dei siste åra hatt ein svak skatteinngang på grunn av nedgangen i olje- og gassnæringa.

- No er trenden snudd. Vi opplever vekst og er tilbake på gamle høgder. Tala viser at vi har treft godt med budsjetteringa og ligg godt an i forhold til andre kommunar.  Det er grunn til å gje ros til politikarane for dette. Det er viktig å hugsa at kommunen ikkje er ei bedrift som skal ha store overskot, men gje gode tenester til beste for innbyggjarane, seier Nesse.

Oversynet viser at også Sund kommune har fått inn meir enn budsjettert. I Øygarden har det kome inn noko mindre enn det somovar budsjettert. Fylket under eitt (unnatak av Bergen) fekk 98,5 prosent av budsjetterte skatteinntekter. Skatteauken samla for landet var på 3,7 prosent frå 2017 til 2018.

Les brevet frå Fylkesmannen med oversyn her


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 22.01.2019