Facebook ikon Twitter logo Print side

Godkjende endring av plan for Søre Bildøyna og Vollvika

Ill.

I detaljreguleringsplan for Vollvika er offentleg parkeringsplass lagt delvis over fire bustadtomter i reguleringsplan for Søre Bildøy. Reguleringsendringa vil gje ny form og sikrar tilkomst til tomtane. Det gjev også ei tettare utnytting av tomtane.

Naboar hadde merknader knytt til høgder og skjering mot nabogrensa. Det er utarbeidd nye snitt, og merknadene er trekte. Fylkeskommunen hadde merknad knytt til kulturminne, og merknaden er innarbeidd i søknaden om endring. På bakgrunn av dette innstilte rådmannen på at endringane ikkje ville bryta med intensjonane i gjeldande reguleringsplan og at dei er i samsvar med overordna plan.

Drøfta plan for Heimtun, Straume

Komitéen drøfta detaljregulering for Heimtun, Straume. Kommunestyret vedtok i september å utsetja saka og senda ho tilbake til komité for plan og utvikling/administrasjonen for ytterlegare vurdering og korrigering av fleire punkt. På bakgrunn av signal frå drøftinga på møtet på tysdag, fremjar rådmannen sak for sluttbehandling.

Saka kjem til behandling i komitéen før ho går til endelege behandling i kommunestyret. Planen legg til rette for å byggja mellom 56 og 73 bustadeiningar i blokker og eventuelt rekkjehus rett sør for Sartor Storsenter.

Komitéen behandla seks klagesaker.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ard arealplan AS

 


Publisert: 05.12.2018 00:35
Sist endret: 05.12.2018 00:39