Facebook ikon Twitter logo Print side

Godkjende plan for Geitvika friluftsområde

Kommunestyret godkjende i dag detaljreguleringsplanen for Geitvika friluftsområde. Formålet med planen er å opparbeida eit friluftsområde med badevik for allmenta. I tillegg er det i planen lagt inn eit kontorbygg som også vil fungera som eit servicebygg for badevika med toalett og parkering.

Dirigentbordet: Varaorførar Tom Georg Indrevik (H) og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).
Dirigentbordet: Varaorførar Tom Georg Indrevik (H) og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (Ap). 


Etter at planen for Geitvika låg ute til offentleg ettersyn, kom det inn motsegn frå Fylkesmannen og Norges vassdrags- og energiverk (NVE). Fylkesmannen meinte at eit kontorbygg i området, var i strid med kommunedelplanen for Straume. Etter fleire møte har Fylkesmannen akseptert at kontorbygget vert ein del av planen dersom høgda på bygget vert seinka med ein etasje. NVE grunngav si motsegn med at potensiell skredfare i området ikkje var tilstrekkeleg utgreidd.

Etter kartlegging av skredfaren, har motsegna frå NVE falle bort. På bakgrunn av at motsegnene til Fylkesmannen og NVE er avklart/trekt, kunne no kommunen eigengodkjenna planen.

Gjev utvida mandat for tilsetjing av prosjektleiar

Kommunestyret vedtok i dag for sin del at førebuande fellesnemnd får utvida mandatet til å tilsetja prosjektleiar for kommunesamanslåinga.

Det er laga ei felles sak som skal behandlast i dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Konkret vert det føreslått at førebuande fellesnemnd (FF) får ansvar for prosessen fram mot tilsetjing og myndigheit til å gjennomføra sjølve tilsetjinga.

Vedtaket i kommunestyret inneber ei løysing der stillinga vert utlyst som prosjektleiar med høve til å søkja stillinga som rådmann i den nye kommunen. I saka ligg det også framlegg til kvalifikasjonar for prosjektleiaren. Ein protokolltilførsel frå formannskapet følgjer saka. Der vert det presiserert at ein tilsett prosjektleiar ikkje har nokon fortrinnsrett til ei stilling som rådmann i den nye kommunen.

Samarbeider om barnevern og barnevernsvakt

Fjell kommune skal samarbeida med Sund kommune om barneverntenesta. Kommunestyret godkjende på møtet i går ein avtale om vertskommunesamarbeid (kommunelova § 28-1e) mellom Sund og Fjell kommunar.

Overføring av barneverntenesta frå Sund til Fjell skjer i form av vertskommunesamarbeid vert definert som verksemdoverdraging. Avtalen vil innebera at barnevernsleiaren i Fjell, med verknad frå 1. mai 2017, vert peika ut som barnevernsleiar for Sund kommune.

Bakgrunnen for saka er at Fjell kommune har motteke ein førespurnad om å vera vertskommune for Sund kommune sine oppgåver etter lov om barnevernstenester. Sund kommune ønskjer å bli del av eit større fagmiljø for å kunna utføra desse oppgåvene på ein best mogeleg måte.

Kommunestyret godkjende også den framlagte samarbeidsavtalen om barnevernsvakt mellom Fjell, Sund og Øygarden. Avtalen om samarbeid mellom Askøy og Fjell kommunar om barnevernsvakt vart teken til orientering.

Arbeidsvilkår for folkevalde

Kommunestyret godkjende endring i reglementet for folkevalde sine arbeidsvilkår (punkt III). Høgre fekk fleirtal for eit forslag om at det skal gjevast godtgjersle til medlem i komité/utval som møter og deltek i andre møte på vegner av komitéen/utvalet.
SV fekk ikkje fleirtal for forslag om å redusera godtgjersla til ordføraren frå 92 til 90,2 prosent av løna til ein stortingsrepresentant og ein reduksjon i godtgjersla til dei andre folkevalde. Partiet fekk heller ikkje fleirtal for eit forslag om å redusera grensa for dekking av tapt arbeidsforteneste.

Suppleringsval

Etter Henning Lundekvam (H) sin bortgang vart det gjort tre suppleringsval. Eli Berland (H) vart vald til styremedlem i FjellVAR. Ny vara for henne i styret vert Magne Lie (H). Stian Telle vert representant i styret for Straume Idrettspark, medan Bjørn Rathem (H) vert medlem i landsbruksnemnda.
Wenche Iren Ertsland Liljegren (Ap) vart vald som nytt 5. medlem i komité for drift og forvaltning. Ho erstattar ein representant som tidlegare har fått fritak for politiske verv.

Andre saker i kommunestyret den 26. oktober

  • Mindre endring av reguleringsplan for (Straume, Ebbesvik).
    Kommunestyret godkjende ei endring om å reguleringa køyrevegen KV» (Trollhaugmyra) frå felles/privat veg til offentleg veg. Det same gjeld fortauet og veggrunn langs vegen.
  • Salsløyve alkohol
    Kommunestyret gav salsløyve for alkohol gruppe 1 til Bunnpris Ågotnes (verksemdoverdraging).

Henning Ekerhovd (Ap) fekk fleirtal for å utsetja saka om plan for Angeltveitvegen.
Henning Ekerhovd (Ap) fekk fleirtal for å utsetja saka om plan for Angeltveitvegen.

To utsetjingar

Etter forslag frå Henning Ekerhovd (Ap) vart behandlinga av plan for Angeltveitvegen utsett. Mindretalet (Frp, Sotralista og Venstre) ønskte saka behandla på møtet i dag. Bakgrunnen for at spørsmålet om utsetjing kom opp på møtet i dag, var innstillinga frå KPU der eitt av rekkjefølgjekrava var føreslått teke ut av planen (utviding av det smale partiet på Landrovegen (fv 211) ved brua over elva på Angeltveit).

Også saka om serviceerklæring for Plan- og utbyggingssjefen vart utsett.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 26.01.2017 15:54
Sist endret: 26.01.2017 16:01