Facebook ikon Twitter logo Print side

Godkjende planar for Grønamyrvegen (Straume) og Valderhaugane (Ågotnes)

Kommunestyret godkjende i dag to detaljreguleringsplanar som er klare for sluttbehandling.

Skisse Grønamyrvegen
Skisse Grønamyrvegen

Planen for Grønamyrvegen (S-C-I) omfattar eit 25 dekar stort område sentralt på Straume, aust for Grønamyrvegen. Intensjonen med planforslaget er å skapa eit attraktivt område med blanda funksjonar. Det skal vera eit viktig bidrag til vidareutvikling av regionsenteret Straume. Det er vert lagt til rette for konsentrert bustadbygging i form av blokker, næringsareal og det offentlege torget Grønaplassen.

Planen for Valderhaugane, Ågotnes, legg til rette for oppføring av barnehage og 177 bustadeiningar i einebustader, tomannsbustader, rekkjehus og blokker i tillegg til infrastruktur som leikeplassar, grøntareal og gangvegar. Vedtaket vart gjort mot eí røyst (Kjetil Hansen, uavhengig).

Godkjende justering av selskapsavtale og stiftingsdokument

Kommunestyret vedtok for sin del endringar i selskapsavtalen og stiftingsdokumentet for Bergen og Omland Havn IKS. Dersom dei 11 deltakarkommunane gjer likelydande vedtak vil namnet på Bergen og Omland Havn IKS verta endra til Bergen og Omland Farvannsforvaltning IKS (BOF IKS).

Selskapet skal på grunnlag av delegasjon frå deltakarkommunane ivareta og samordna dei lovpålagte oppgåvene, og utøva myndet til kommunen etter hamne- og farvatnlova. Selskapet kan ta opp lån inntil 15 millionar kroner.

Som følgje av forslaget om å endra namnet til Bergen og Omland Farvannsforvaltning IKS (BOF IKS) og justering av selskapsavtalen, er deltakarkommunane samde om å utsetja den formelle stiftinga av selskapet til endringane er behandla i kommunestyra.

Atle Justad (Ap) fekk samrøystes tilslutnad på forslaget om at Fjell kommune ber om at avgjerd om administrasjonsspråket til selskapet vert teke opp ved første høve. Vedtaket i Fjell kommunestyre i dag skal førast på nynorsk i møteboka.

Suppleringsval til domstolsutvala

Kommunestyret valde fem nye kandidatar til å stå på ventelista om nokre av domstolsutvala må supplerast med meddommarar.

Interpellsasjon om metoo i skulegarden

I ein interpellasjon tok Hilde Elisabeth Sandahl (Ap) opp spørsmålet om seksuell trakassering i skulegarden. Bakgrunnen er dei tre 14-åringane som har fått stor merksemd etter at dei tok til orde mot seksuell trakassering og nedsetjande språkbruk i skulegarden.

Hilde Elisabeth Sandahl fremja ein interpellasjon med temaet seksuell trakassering.
Hilde Elisabeth Sandahl fremja ein interpellasjon med temaet seksuell trakassering.

- Vi kan ikkje goda at dette skal vera ein del av språkbruken som ein del av kvardagen til barn og unge, sa Sandal.

Ho stilte spørsmål til ordføraren om ho ville setja temaet seksuell trakassering på dagsorden i skule og barnehage. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy svarte med å visa til at gjennom Trygg i Fjell vil temaet seksuell trakassering i barnehage og skule implementerast i skule og barnehage.

- Det skal vera nulltoleranse mot seksuell trakassering i barnehage og skule, og det må gjerast eit haldningsskapande arbeid når det gjeld korleis kvardagsspråket pregar vår haldningar og måten vi omtalar kvarandre på, sa ordføraren.

Hilde Elisabeth Sandahl spurde også om ordføraren ville bidra til at alle elevane får kunnskap om at dette ikkje kan aksepterast av vaksne politikarar og at det nyttar og gje beskjed. Ordføraren sa at ho vil føreslå at det vert gjennomført ei elevundersøking om seksuell trakassering og på grunnlag av det utvikla tiltak som tek i vare kravet om nulltoleranse på dette feltet.

Espen Hammersland
Espen Hammersland

I forkant av behandlinga av sakene i kommunestyret, orienterte prosjektleiar Espen Hammersland om status for Sotrasambandet. Sjå presentasjonen her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke
Skisse: ARD arealplan


Sist endret: 21.03.2019