Facebook ikon Twitter logo Print side

Godkjente plan for Angeltveitvegen

Kommunestyret godkjente i dag detaljregulering for Angeltveitvegen, Angeltveit.



Skråfoto over planområdet (ARD arealplan)

Planområdet er på 20 dekar og legg til rette for bygging av totalt 50 bustadeiningar. Einingane er i form av einebustader og konsentrerte bustader med infrastruktur, felles grøntareal og leikeplass.

På møtet vart det eit ordskifte knytt til eit rekkjefølgjekrav om utviding av det smale partiet på Landrovegen (fv 211) ved brua over elva på Angeltveit. Kommunestyret vedtok samrøystes at med omsyn til dette punktet (3.12) i rekkjefølgjekravet skal det reknast som sikra utført om det vert inngått utbyggingsavtale mellom utbyggar og Fjell kommune.

Ny vassleidning

Kommunestyret vedtok at det skal leggjast ned ny vassleidning i samband med bygging av ny sotrabru til ein kostnad på 10 millionar kroner. Leidningsnettet Stekervika-Stølsvika vert oppgradert til ein totalkostnad på 16 millionar kroner. Vidare vert det lagt ned ny vassleidning i samband med bygging av gang- og sykkelveg over Bildøyna til ein kostnad på 45 millionar kroner.

For strekninga Fjell rådhus-Bildøybakken vert det henta inn anbod. Ein vil koma tilbake til endeleg vedtak for denne strekninga.

Startar opp rullering av kommunedelplan for Straume

Kommunestyret godkjente at arbeidet med kommunedelplan for Straume vert starta opp. Formannskapet vert styringsgruppe, og Tom Georg Indrevik (H) vert saksordførar. Arbeidsgruppa vert samansett av Tom Georg Indrevik (H), Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) og Anita Garlid Johannessen (FrP). Sund og Øygarden kommunar vert inviterte til å delta i planarbeidet.

I saksutgreiinga går det fram at det ikkje er behov for ei rullering som skal endra kurs, men det er nødvendig å gjennomføra ei rullering for å tilpassa planen til nyare vedtak og føringar. Då vil kommunen få ein oppdatert og overordna plan å styra etter. Den opphavlege kommunedelplanen vart vedteken i 2006.

Kommunestyret godkjente møteplan for 2018.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 26.10.2017 16:40
Sist endret: 26.10.2017 16:44