Facebook ikon Twitter logo Print side

Godkjente plan for Knappskog gamle skule

Med 18 mot 17 røyster godkjente kommunestyret i dag detaljreguleringsplan for Knappskog gamle skule. Debatten handla mellom anna om det var ønskeleg med blokkbygg i området og parkeringsplassar for reisande til Geitanger.

Daniel-Victor Sandvik (FrP) var mellom dei som røysta imot å godkjenna planen.
Daniel-Victor Sandvik (FrP) var mellom dei som røysta imot å godkjenna planen.

Fleirtalet var samansett av Ap og Høgre. Mindretalet (Sotralista, FrP, KrF, Venstre, Sp, SV og Miljøpartiet Dei Grøne) røysta for eit framlegg frå FrP om å senda planen tilbake til administrasjonen. Mindretalet ønskte ei anna form for utbygging med splitting av blokka i mindre einingar og opparbeiding av 10 merka parkeringsplassar for utleige for reisande til Geitanger.

Etter behandlinga i KPU er det gjort nokre endringar. Endringane innebér at heishus skal plasserast med omsyn til sikt for eksisterande bustad bak og at skjerming av takterrasse skal oppførast i glas. Formålet med planen er å leggja til rette for 30 bustadeiningar med leilegheitsbygg med parkering og uteareal på den gamle skuletomta på Knappskog.

Skal utvikla idrettsanlegget på Ågotnes

Kommunestyret vedtok at det skal gjennomførast ei rekkje tiltak for å utvikla Ågotnes idrettspark. I samarbeid med Nordre Fjell Allianse IL har Fjell kommune utarbeidd forslag til tiltak som vil betra kapasiteten på idrettsanlegget som kan realiserast på kort tid utan reguleringsendring.

I den første fasen er det forslag om å oppføra 9'arbane, 7'arbane, friplass på grusbana og oppgradering av lysanlegget der. Vidare er det forslag om å laga til leikepark og trimpark aust for grusbana, garderobebygg to stader, rehabilitering av naturgrasbana og nytt dekke på friidrettsbana. Det er også forslag om andre tiltak på seinare tidspunkt.

Dei totale kostnadene vil på kort sikt verta om lag 16 millionar kroner. Det er lagt til grunn vesentleg bidrag med dugnadsinnsats. Det ligg altså føre konkrete forslag til tiltak i saka, men kommunestyret ber rådmannen å koma tilbake til ny sak i formannskapet og kommunestyret med framlegg til finansiering.

Tek imot 25 flyktningar

Fjell kommune skal ta imot 25 flyktningar i 2017. Det er klart etter vedtaket i kommunestyret i dag. Dersom ein vaksen har barn, kan det/dei inkluderast i dette talet (25). Familiesameinte i perioden kjem i tillegg til dei kommunen tek imot. Kommunestyret vedtok vidare at det skal gjennomførast ei evaluering av busetjinga av einslege mindreårige som vart busette i 2015 og 2016 før kommunen vurderer ytterlegare busetjingar frå denne gruppa. Andreas Sjalg Unneland frå SV føreslo at Fjell kommune i tillegg 25 vaksne flyktningar tek imot 10 einslege mindreårige flyktningar. Han vart ståande åleine om dette forslaget.

Fjell vert med i Vest brann- og redningsregion

Kommunestyret vedtok at Fjell kommune inngår som medlem i Vest brann- og redningsregion og sluttar seg til vedtektene for samarbeidet. Ordføraren vert Fjell kommune sin årsmøterepresentant. I vedtaket vert det også peika på at det er naturleg å vurdera Falck Nutec avd. Sotra i Sund kommune som stad for etablering av eit regionalt utdanningssenter.

- Falck Nutec avd. Sotra har ei god plassering som gjer senteret godt egna til praktisk trening. Her er det god tilkomst til både sjø, land og luft, meiner kommunestyret.

Det vart også full oppslutnad om å be om at nynorsk vert målform for Vest brann- og redningsregion.

Fartsavgrensing i sjø

Det låg føre framlegg til lokal forskrift om fartsavgrensing i sjø i Fjell kommune (sluttbehandling). Kommunestyret vil sjølv vedta lokal forskrift for avgrensing av fart i sjø, og trekk dermed delegert mynde tilbake frå Bergen og omland Havnevesen. Det vart vedteke å trekkja punktet (området) Ekren, Ekren /Fjellspollen /Trengereidpollen ut av forskrifta.

Modellar for utbyggingsavtalar

Kommunestyret sluttbehandla saka om modellar for utbyggingsavtalar i Fjell kommune. I vedtaket heiter det at Fjell kommune tek i bruk justeringsmodellen der dette er tenleg. Vedtaket inneber også godkjenning av bruk av fondsmodell i utbyggingsavtalar for å sikra framtidig finansiering av store fellestiltak i utbyggingsområde. Det vert også opna for kommunal forskottering. Retningslinjene for utbyggingsavtalar vert supplert slik at kommunen får høve til å nytta forkjøpsrett til bustader.

Justeringsmodellen inneber at kommunen over ein 10-årsperiode kan få kompensert meirverdiavgifta som private utbyggjarar har lagt ut ved bygging av kommunale anlegg. Kommunen inngår avtale med utbyggjar om overføringa av meirverdiavgifta som kommunen får kompensert. Etter at kommunen har fått refundert meirverdiavgift frå staten, kan avgifta vidarebetalast heilt eller delvis til den aktuelle utbyggjaren. Det skal utarbeidast ei kvalitetsnorm for dei ulike tiltaka i utbyggingsavtalane.

Vedtok forskrift om vass- og avlaupsgebyr

Med 27 mot åtte røyster (Høgre) vedtok kommunestyret forskrift om vass- og avlaupsgebyr med dei endringane som går fram av arbeidet til gebyrutvalet (verknad frå 1. januar 2018). I vedtaket vert det også vist til modell 1 (modifisert modell) med fastledd på fem kroner pr. kubikk for vatn og fem kroner pr. kubikk i for avlaup for næring og bustad. Forbruksleddet er i denne modellen sett til 20 kroner pr. kubikk for vatn og 24 kroner pr. kubikk for avlaup. Høgre røysta for sitt eige forslag om å innføra ein fastdel som byggjer på ein stegvis modell.

I denne saka bad KrF om gruppemøte. Frå venstre; Trond Helge Gammesæter, Odd Bjarne Skogestad, Kristin Brennhaug og Helge Nilsen.
I denne saka bad KrF om gruppemøte. Frå venstre; Trond Helge Gammesæter, Odd Bjarne Skogestad, Kristin Brennhaug og Helge Nilsen.

Etterbruk av Ekerhovd skule

Kommunestyret vedtok at gymnastikksalen med garderobe, dusjanlegg og kjøken på nedlagte Ekerhovd skule vert overført vederlagsfritt (kr. 1,-) til Kobbeleia grendalag. Ballbingen på skuletomta vert flytta til området ved gymnastikksalen. Fjell kommune har heftefri atterkjøpsrett ved eventuelt vidaresal.

Det vert vidare bedt om at det vert sett i gang ein reguleringsplanprosess knytt til det resterande området. Skulebygga vert rivne, og eigedomen vert seld på den opne marknaden. Det vert også sett i gang ein reguleringsplanprosess knytt til Ekerhovd barnehage og at barnehagen vert seld på den opne marknaden.

Dersom Kobbeleia grendelag ikkje tek over gymnastikksalen, vert bygget rive. Også her vert det starta ein prosess med omregulering og at bygget vert seld på den opne marknaden.

Frivillig innsats for eldre

I samband med eit notat laga i samarbeid med det nasjonale Verdighetssenteret i Bergen vart det vedteke at den skisserte modellen for berekraftig lokalt samarbeid mellom frivillig sektor og omsorgstenesta til kommunen skal leggjast til grunn i arbeidet med å utvikla frivillig innsats for eldre i Fjell. Den frivillige innsatsen skal vera eit supplement til dei kommunale, lovpålagde oppgåvene og vera med på å skapa trivsel, trim og tryggleik for dei eldre.

Ber om kartlegging av kostnader

Kommunestyret vedtok å ta økonomirapporten pr. 30.04. til orientering. Vedtaket inneber at vidare opptrapping av midlar til drift av lokalmedisinsk senter vert sett på vent for 2017. Det vart også vedteke å endra disponeringa av vedlikehaldsmidlar og rullera/refinansiera obligasjonslån.

På møtet i dag fekk Høgre tilslutnad til eit tilleggspunkt om at kommunestyret ber rådmannen snarast setja i gang eit arbeid med å kartleggja korleis kostnadane i noverande drift fordeler seg i høve til kva som elles er vanleg i kommunar vi kan samanlikna oss med. Det heiter vidare at dersom rådmannen på bakgrunn av analysane finn at det framleis er grunn for å gjere endringar, ber KS om at han som del av budsjettopplegget for 2018 legg fram forslag til tiltak som tar sikte på å gje varig endring i fordelinga innafor heile driftsområdet.

Rekneskapen for Fjell kommune etter drift i fire månader viser eit negativt netto driftsresultat på om lag 25 millionar kroner. Dette er om lag 10 millionar kroner svakare enn på same tid i fjor.

Startlån - søknad om ekstra midlar for utlån 2017

Kommunestyret vedtok at rammene for startlån vert auka med 20 millionar kroner for 2017.

Lokal forskrift om utslepp av olje- og feitthaldig avlaupsvatn

Framlegget til forskrift med dei justeringane som kjem fram av saka vart godkjent.

Finansstrategi og finansreglement for Fjell kommune

Kommunestyret godkjente finans- og gjeldsreglementet slik det ligg føre.


Sjukelønnsforsikring til ordførar og varaordførar

Kommunestyret vedtok å kjøpa sjukelønsforsikring for ordførar og varaordførar.

 

Skjenkeløyve for Fusion Mat AS/Ruccola Cafe & Restaurant, Sartor Storsenter

Verksenda får innvilga vanleg skjenekløyve for alkoholgruppe 1,2 og 3.

 

Val Fjell eldreråd

Kommunestyret valde Unni Landro (Fjell pensjonistlag) som nytt medlem til Fjell eldreråd. Valet gjeld ut noverande kommunestyreperiode og fram til nyval er halde.

 

Søknad om fritak – suppleringsval til likestilling- og diskrimineringsutvalet

Kommunestyret gavAmund Klem Rønning får fritak frå sitt verv som varamedlem til likestilling- og diskrimineringsutvalet for resten av inneverande kommunestyreperiode. Ivar Einarsen vart vald som nytt personleg varamedlem for AP til likestilling- og diskrimineringsutvalet. Valet gjeld for resten av inneverande kommunestyreperiode.

 

Sommarfullmakt til ordføraren

På vegner av formannskapet, komité for plan og utvikling og komite for drift og
forvaltning gav kommunestyre ordføraren fullmakt til å ta avgjerd i ikkje-prinsipielle hastesaker som kan oppstå i utvala sin sommarferie. På vegner av komite for plan og utvikling fekk ordførar fullmakt til å ta avgjerd i saker med heimel i plan- og bygningslova der kommunen har lovpålagde tidsfristar å halda seg til.

Dirigentbordet; varaordførar Tom Georg Indrevik og ordførar Marianne Sandah Bjorøy
Dirigentbordet; varaordførar Tom Georg Indrevik og Marianne Sandahl Bjorøy

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 




Publisert: 15.06.2017 15:44
Sist endret: 15.06.2017 16:06