Facebook ikon Twitter logo Print side

Godkjente trafikksikringsplan

Kommunestyret godkjente i dag kommunedelplan for trafikksikring 2017. I investeringsprogrammet for Fjell kommune 2016-2019 er det sett av sju millionar kroner årleg til trafikksikring.

Karsten Sprenger presenterte framlegget til trafikksikringsplan.
Karsten Sprenger (H) presenterte framlegget til trafikksikringsplan.

I planen er det føreslått ei prioritering av desse midlane, i tillegg til sju millionar kroner i år 2020. Midlane er fordelte på fysiske tiltak på det kommunale vegnettet i tillegg til førebyggjande og haldningsskapande arbeid. Fleire kommunale vegar er anten ferdig regulerte eller prosjekterte, men har eit så høgt kostnadsnivå at denne planen ikkje kan finansiera desse tiltaka. Desse vegprosjekta må fremjast som eigne postar i investeringsprogrammet. Det vart vedteke at oversendingsforslag frå FrP og Sotralista vert sende over til komité for drift og forvaltning. FrP hadde også ein protokolltilførsel.

Plan for Fagredalen, Skålvika

Kommunestyret godkjende detaljreguleringsplan for Fagredalen, Skålvika. Planområdet er på om lag 27 dekar, og planen legg til rette for å føra opp 41 nye bustadeiningar med leikeplassar, grøntareal, stiar, vegar, parkering og forbetring av noverande veg. Formålet med planarbeidet er å fortetta i eit eksisterande bustadområde med konsentrert småhusbusetnad med variasjon i storleik og form.

Positiv til Vestlandsregionen

I ein uttale vedtok kommunestyret at Fjell kommune stiller seg i utgangspunktet positiv til ny vestlandsregion dersom Stortinget står fast på å oppretthalda fylkeskommunane som politisk regionalt nivå. I uttalen vert det likevel presisert at det må vera ein premiss at byråkratiet ikkje veks og utgiftene aukar. Ein ny region må heller ikkje koma i motstrid med intensjonane for kommunereforma og etablering av nye og større kommunar. Det vert også presisert at det er viktig at den nye Vestlandsregionen har nynorsk som administrasjonsmål og at nye og større kommunar må få tilført fleire og større oppgåver.

Arbeidarpartiet fekk ikkje fleirtal for å støtta rådmannen sitt punkt seks om at det er viktigare at Fylkesmannen framleis har sitt hovudsete i Bergen enn at fylkeskommunen vert leia frå Bergen. I punkt seks vart det fleirtal for å uttala at det er viktig at Fylkesmannen framleis har sitt hovudsete i Bergen. SV fekk ikkje fleirtal for eit framlegg om at det må haldast folkeavrøysting om det bør etablerast ein vestlandsregion.

Frå møtet i dag.
Frå møtet i dag (torsdag).

Engasjement om skulegudsteneste

Egil Haaland (Ap) hadde levert inn spørsmål om praksisen i Fjell når det gjeld tilbodet om skulegudsteneste før jul. Spørsmålet var om elevane aktivt må melda seg på om dei vil delta på gudstenesta eller om det er dei som ikkje vil delta som skal gje melding til skulen.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy viste i svaret sitt til retningslinjer frå Utdanningsdirektoratet og at det er ulik praksis i Fjell om kven som skal gje melding til skulen om deltaking/ikkje deltaking på gudstenesta. Skulesjefen vil følgja dette opp og syta for at det vert lik praksis på skulane i Fjell. Spørsmålet vekte debatt i kommunestyret. Med unnatak av Andreas Skjalg Unneland (SV) meinte dei som tok ordet i debatten at ordninga med skulegudsteneste bør halda fram og at det er unødvendig med «aktiv» påmelding.

Andre saker i kommunestyret i dag:

  • Det vart vedteke at Fjell ikkje skal innføra ordning med to-dagars val. Dermed held Fjell fram med noverande ordning med valting om måndagen.
  • Kommunestyret godkjente plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll 2016 – 2020. Det vart vedteke å prioritera forvaltningsrevisjon av (1) tilpassa opplæring, spesialundervisning og PPT, (2) plan- og byggjesaksbehandling og kontrakts- og (3) leverandøroppfølging.
  • SF Kino Sotra AS vart tildelt ny kinokonsesjon gjeldande frå 1. januar 2017 til 31. desember 2022.
  • Ågotnes Hotell fekk innvilga vanleg skjenkeløyve for alkoholgruppe 1,2 og 3 i samband med verksemdsoverdraging.
  • Følgjande vart valde som møtefullmektigar i forliksrådet; Jan Erik Andresen, Eli Berland og Øyvind Herland.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 24.11.2016 22:13
Sist endret: 24.11.2016 22:19