Facebook ikon Twitter logo Print side

Godt fellesskap på Camp Hissøyna

Helga 12. til 14. mai var 12 deltakarar og fem vaksne samla på Hissøyna. Dette var ein camp for jenter og unge kvinner i alderen 16 til 19 år med innvandrarbakgrunn.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Frå Hissøyna
Solnedgang på Hissøyna.

- Dette vart eit strålande flott arrangement. Vi opplevde eit godt fellesskap og fekk knyta band på tvers av kulturar, seier MOT-informatør Vigdis Taranger.

Deltakarane kom frå land som Somalia, Eritrea, Syria og andre land i Midtausten. Nokre av dei har vore i Noreg i inntil 12 år, medan andre berre har vore her i eitt år.

Hissøyna er ei øy vest i havet for Fjell og er ei perle av dei sjeldne. Bergen og Omland friluftsråd eig eit renovert hus der, og naturen byr på mange opplevingar. Camp Hissøyna har vore arrangert i fleire år og er eit initiativ frå Aktiv Sama. Andre samarbeidspartnarar er Sotra og Øygarden jeger og fisk og God-tur.

- Deltakarane fekk mellom anna vera med på fiske, og vi fekk nok fisk til at alle fekk smaka, seier Taranger som fortel om aktivitetar som flettekurs, magedans og skulderdans.

I tillegg til Taranger deltok to livbergarar (ansvar for sjøaktivitetar/fiske) og to ungdomar frå MOT.

Her er fleire bilete frå Camp Hissøyna:



Tekst: Vigleik Brekke
Foto:  Vigdis Taranger


Publisert: 22.05.2017 12:53
Sist endret: 22.05.2017 13:04