Facebook ikon Twitter logo Print side

Gratulerte Nest-Sotra med kvalikplass

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy gratulerte Nest-Sotra-trenar Steffen Landro med kvalifiseringsplass i OBOS-ligaen (1. divisjon) etter kampslutt i dag. Laget slo Åsane 1-0 i ein jamn kamp som kunne ha vippa begge vegar.

Dette var eit stor dag for både ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og trenar Steffen Landro.
Dette var eit stor dag for både ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og trenar Steffen Landro.

Det er likevel ein lang veg til eventuelt eliteseriespel neste sesong. Nest-Sotra møter Ålesund i første kvalifiseringskamp i Ålesund den 25. november. Vinnaren der møter vinnaren av kampen mellom Ullensaker Kisa og Sogndal. Vinnaren skal så spela mot det tredje siste laget i Eliteserien (to kampar) før det vert avklart kven som får den siste plassen i den øvste serien.

- Det er ein fantastisk god prestasjon at Nest-Sotra har makta dette med avgrensa økonomiske ressursar. Eg er imponert over at laget no skal spela kvalifisering om plass i Eliteserien. Nest-Sotra har overraska positivt denne sesongen, og det var ei stor oppleving å vera blant publikum på denne kampen, seier ordføraren.

Det var ein tydeleg rørt Steffen Landro som helsa på publikum like etter kampslutt. Det var ein tett kamp med mange duellar og nerve mot slutten av kampen. Åsane var det beste laget før pause og hadde dei største sjansane. Likevel scora Sondre Liseth det eine og avgjerande målet like før pause. Nest-Sotra var avhengig av at Viking slo Kongsvinger i Stavanger. Det oppgjeret enda med 3-1 til Viking. 900 tilskodarar hadde funne vegen til Ågotnes stadion.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her kan du sjå fleire bilete frå jubeldagen på Ågotnes


Publisert: 11.11.2018 16:32
Sist endret: 11.11.2018 16:40