Facebook ikon Twitter logo Print side

Grill og hattefest på Straume bu og servicesenter

31.mai var det igjen duka for festleg lag på Straume bu og servicesenter. Denne gongen var det den årlege grill- og hattefesten som gjekk av stabelen. Bebuarar, pårørande og personale var samla til ei kjekk stund med god mat, song og musikk. Og ikkje minst eit hav av flotte hattar i ulike varriantar.

Frå grillfesten

Personalkoret opna festen med flott song, under leiing av musikkterapaut Guri Dypvik. Olav Ulveseth var på plass med song og trekkspelmusikk. Saman med Guri og to musikkterapistundentar sprelte han opp til allsong.

Ord for dagen vart halde av Erling Kopperud, der han kom med ti råd for ein betre kvardag. Nokre av råda han kom med var å smile, trene på balansen og godta livet som det er.

Kjøkkenet ved Fjell sjukeheim som sto for grillinga. På menyen var det svinefilet, laks og karbonader med tilbehør, og sjølvsagt pølse med brød.

Ein stor takk til musikkterapeut Guri Dypvik og personalet på dagavdelinga ved Straume bu og servicesenter, som sto for all planlegging og gjennomføring av arrangementet. Takk til dei flotte damene frå Røde kors som hjalp til før, under og etter festen.

Vi hadde ei kjekk stund saman.

Her er fleire bilete frå grill- og hattefesten:

 

 

 

Maria Grimeland Furenes


Publisert: 02.06.2017 12:14
Sist endret: 02.06.2017 12:16