Facebook ikon Twitter logo Print side

Grundig grunnopplæring i arbeidsmiljø

Det handla om demokrati på arbeidsplassen då 23 leiarar og verneombod var samla på Knappskog skule i dag. Dette er første dagen i eit fem dagar langt kurs i grunnopplæring i arbeidsmiljø.

Hilde Hus Svanevik
Hilde Hus Svanevik


Jurist på Arbeidsmiljøsenteret, Hilde Hus Svanevik, er kursleiar. Ho stilte spørsmål om kvifor ikkje demokratiet på arbeidsplassane ikkje alltid fungerer.

- Nokre leiarar har sete på «trona» for lenge. Andre manglar kunnskap, var nokre av svara ho fekk på spørsmålet.

- Eg trur også at redsel hjå leiarane, kan vera ei av årsakene, sa Hus Svanevik.

Dialog med deltakarane

Ho brukte den første halve timen til å verta kjent med kursdeltakarane. Alle deltakarane fekk presentert seg, og i løpet av dei første 30 minutta, hadde ho lært seg namna på 18 av dei 23 deltakarane. Det må seiast å vera ganske imponerande.

- Vi skal bruka mykje til på å læra lovverket. Dette er eit dialogbasert kurs, og målet med kurset er at det skal resultera i noko praktisk, sa Hilde Hus Svanevik til deltakarane ved starten av opplæringsveka i dag.


Ivrige deltakarar på kurset

Hus Svanevik viste til hovudavtalane som regulerer arbeidstakarane sin rett til medverknad. Dette er avtalar mellom arbeidsgjevar og fagforeiningane om spelereglane for samarbeid.

- På 1930-talet var det «krig» mellom arbeidsgjevarane og arbeidstakarane, og regjeringa greip inn og fekk i stand den første hovudavtalen i 1935. Arbeidsgjevarane kan ikkje ta avgjerder før dei har snakka med dei tillitsvalde. For dykk er det slik at alle i kommunal sektor kan innretta seg til same hovudavtale, sa Hus Svanevik.

Grunnopplæringa i arbeidsmiljø held fram med heile kursdagar fram til og med fredag. Tema som vert tekne opp er ansvar, oppgåver og roller i arbeidsmiljøarbeidet, krav til arbeidsmiljøet, konflikt, trakassering, vald og truslar, risikovurdering, kommunikasjon og samarbeid, rus og medverknad.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå den første kursdagen:


Publisert: 13.02.2017 14:42
Sist endret: 13.02.2017 14:53