Facebook ikon Twitter logo Print side

Hagerømlingar – hageplantar som vert miljøproblem

Dei siste åra har kommunen fått fleire e-postar og telefonar om den japanske prydplanten Parkslirekne. Planten spreier seg som «eld i tørt gras» og veks kjempe raskt. Og den er svært vanskeleg å bli kvitt. Forsøk på å bli kvitt planten kan føre til spreiing i stadet.

Tiltak for bekjemping

Parkslirekne

Det er laga fleire faktaark om planten (sjå lenkar under) der det også vert skissert moglege framgangsmåtar for å få planten bort. I juni gikk også Naturforvaltar i Bergen kommune, Sarah Skouen ut i BT (sjå lenke) med gode råd som inkluderte kokande vatn, handplukking, jordspyd og gift. Dei to siste krev fagfolk og spesialutstyr. Dersom ein skal nytte gift, er det berre doser som krev plantevernsertifikat som kan gi resultat. Tiltak for bekjemping må følgjast opp over fleire år viss dei skal ha effekt.

Kommunen har dessverre lite å bidra med, anna enn å spreie informasjon om korleis ein kan bli kvitt planten og unngå spreiing. Gjennom Handlingsplan for energi, miljø og klima tek kommunen til orde for å førebyggja spreiing av framandarter gjennom informasjon og krav til entreprenørar, t.d. med omsyn til handtering av jordmassar og liknande.

Omfattande rotnettverk

Det er lite frøspreiing av parkslirekne. Flytting av jordmassar, hageavfall og kantslått langs veg, er truleg dei viktigaste årsakne til spreiing av planten. Ikkje kast hageavfall i naturen, og ikkje flytt på jordmassar der parkslirekne har vakse. Planten har eit omfattande rotnettverk som får tre meter ned og sju meter ut frå planten. Det skal ikkje meir enn ein bit så stor som ein fingernegl av rot- eller stengel for å gi grobotn for ny plante og bestand. Skal ein slytte jord med restar av parkslirekne, må massane dekkast godt til under transport og leverast til godkjent varig deponi. Det er ingen slike deponi i Fjell kommune, må køyrast til godkjent deponi i anna kommune (t.d. Fana Stein og Gjenvinning)

Rynkerose

Parkslirekne er ganske ny og er nå veldig synleg langs veger og stiar på Vestlandet, men det er ikkje den einaste hagerømlingen som står på Framandartslista (tidlegare kalla «svartelista») frå Artsdatabanken. Her finner vi mellom anna lupinar og rynkerosar. Begge er kjente og godt likte hageblomar, men dei spreier seg raskt og fortreng stadeigne artar, endrar naturtilhøva og truar naturtypar. Plantar som står på framandartslista skal leverast som restavfall eller brennast. Men hugs at det ikkje er lov å brenne hageavfall i tettbygde strok (sjå forskrift og kart på kommunen si nettside)

Faktaark

Nyttige lenker

Tekst: Hanna Gjesdal
Foto: Sofie Gjesdal og Monica Hovland


Publisert: 10.07.2018 07:30
Sist endret: 09.07.2018 12:00