Facebook ikon Twitter logo Print side

Han lovar å bruka sykkelhuset dagleg

Knut Thore Algrøy var den første som kunne trilla sykkelen sin inn i sykkelhuset på Straume. I dag var det offisiell opning av det nye parkeringshuset for syklar.

Knut Thore Algrøy fekk æra av å vera den første som parkerte sykkelen etter opninga i dag.
Knut Thore Algrøy fekk æra av å vera den første som parkerte sykkelen etter opninga i dag.

- Eg arbeider på Haraldsplass i Bergen og bur på Brattholmen. No kan eg trygt parkera sykkelen min på Straume før eg tek bussen til arbeidsplassen min. Eg lovar å bruka sykkelhuset kvar dag, seier Algrøy og viser fram piggdekka på sykkelen. Dermed er han i stand til å sykla også dei dagane det er glatt vegbane.

Fjell kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen står saman om sykkelstrategien, og i dag underteikna representantar for dei tre aktørane under ein sykkelbyavtale for regionsenteret Straume.

- Dette er ein etterlengta dag. Mange har spurt etter kva tid sykkelhuset kan takast i bruk. Dette er ein del av utviklinga av Sotra Kystby. Vi ønskjer at bruk av sykkel skal vera eit effektivt og attraktivt alternativ til å bruka eigen bil. Eg håpar sykkelhuset vert brukt 24 timar i døgeret heile året, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy før ho erklærte sykkelhuset for offisielt opna.

Vinn-vinn-situasjon

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø sa at det er engasjement og begeistring i Fjell for bruk av sykkel.

- Avtalen som er underteikna i dag forpliktar oss på målretta sykkelsatsing, og resultatet vert ein vinn-vinn-situasjon, sa Kårbø før han fekk vera den første til å stikka nøkkelkortet inn i boksen ved døropninga. Etter «Vennligst vent på autorisering», opna døra seg og Knut Thore Algrøy kunne trilla inn sykkelen sin i parkeringshuset.

Seksjonssjef i Statens vegvesen, Sindre Lillebø, ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og fylkesvaraordførar Pål Kårbø.
Seksjonssjef i Statens vegvesen, Sindre Lillebø, Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

I sykkelbyavtalen går det fram at målet er å auka sykkelbruken på kort sikt (fire) år gjennom å gjera det trygt, effektivt og attraktivt for alle å sykla. Mellom anna skal gang- og sykkelvegar gjerast meir sykkelvenlege, med særleg fokus på innfartsårer og skuleveg.

Fylkeskommunen og Fjell kommune har sett av 200 tusen kroner til sykkelsatsing, medan Statens vegvesen har sett av 500 tusen kroner i budsjettet for 2018 for å driva prosjektet fram. Hordaland fylkeskommune og Fjell kommune deler på kostnaden (300 tusen kroner) med å etablera sykkelhuset på Straume.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå markeringa i dag:


Publisert: 15.03.2018 15:52
Sist endret: 15.03.2018 16:27