Facebook ikon Twitter logo Print side

Handballfest med ambassadørbesøk

Det vart handballfest og stor stemning med nærare fire tusen på tribunane i Sotra Arena då Noreg utklassa Sør-Korea med 39-28 torsdag kveld.

Det var så og seia fullt hus i Sotra Arena under kampen mellom Noreg og Sør-Korea torsdag kveld.
Det var så og seia fullt hus i Sotra Arena under kampen mellom Noreg og Sør-Korea torsdag kveld.

Publikum koste seg med topp internasjonal handball der det i gjennomsnitt gjekk mindre enn eitt minutt mellom kvar scoring.

Møbelringen Cup er eit prestisjefullt arrangement med fire toppnasjonar i internasjonal kvinnehandball; Sør-Korea, Russland, Ungarn og Noreg. Dette er den siste oppkøyringa til VM i Tyskland i desember.

På den første kampen var ambassadør for Sør-Korea, Park Hae-yun, også på plass. Han måtte innsjå at Sør-Korea tapte for Noreg, men ifølgje ordførar Marianne Sandahl Bjorøy var han i godt humør under heile kampen.

Han helsa til handballfolket før kampen. Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, og Sund-ordførar Kari-Anne Landro helsa på vegner av vertskommunen Fjell og Nye Øygarden kommune.

Ambassadør Park Hae-yun og Marianne Sandahl Bjorøy.
Ambassadør Park Hae-yun og Marianne Sandahl Bjorøy.

Mange aktivitetar

Utanom sjølve kampprogrammet kan folk delta på frukostseminar med handballtrenar Thorir Heirgeirsson fredag morgon. Han snakkar om korleis ein kan skapa eit godt prestasjonsmiljø. Sidan måndag har det gått føre seg ei rekkje handballaktivitetar i hallen heile veka og opplegg på Sartor Storsenter.

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy er svært glad for at Fjell og regionen atter ein gong har fått eit stort idrettsarrangement.

- Vi veit av erfaring at Sotra Arena er ein ideell hall for internasjonale handballkampar. Eit slikt arrangement er eit løft og eit utstillingsvindauge for heile regionen, seier Sandahl Bjorøy. Ambassadør Park Hae-yun og Marianne Sandahl Bjorøy.

Arrangøren oppmodar folk til å parkera i Kystbygarasjen og nytta seg av shuttlebuss som går mellom Sartor Storsenter v/ Meny og Sotra Arena.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå handballfesten torsdag kveld:


Publisert: 23.11.2017 23:38
Sist endret: 23.11.2017 23:41