Facebook ikon Twitter logo Print side

Handballfest med toppkampar og mange aktivitetar

23. – 26. november vert Møbelringen Cup med fire toppnasjonar i handball for kvinner arrangert i Sotra Arena. Dette er siste oppkøyring til VM i Tyskland i desember, og med Russland, Sør-Korea og Ungarn i tillegg til Noreg, vert det seks landskampar i toppklasse i storstova på Straume.


Hans Jarle Einarsen i Sartor Storsenter og Dan Christensen i Sotra Sportsklubb er klare til å ta imot verdseliten i handball for kvinner. 

I tillegg til landskampane vert det ei rekkje aktivitetar i Sotra Arena og Sartor Storsenter. Dagleg leiar i Sotra Sportsklubb, Dan Christensen, er stolt over at Møbelringen Cup skal arrangerast i regionen.

- Vi har erfaring med messer og landskampar, og vi har den finaste hallen i Noreg. No får folk ei unik og sjeldan oppleving på Sotra, seier Dan Christensen som skal administrera 600 frivillige med 2 800 dugnadstimar på tre dagar.

Ambassadøren frå Sør-Korea kjem også

Den sør-koreanske ambassadøren Park Hae-yun kjem også til regionen vår på opningsdagen den 23. november. Han vert med på ei mottaking om ettermiddagen og opningskampen mellom Noreg og Søre-Korea.

Utanom sjølve kampprogrammet kan folk delta på frukostseminar med handballtrenar Thorir Heirgeirsson som snakkar om korleis ein kan skapa eit godt prestasjonsmiljø. Det vert ei rekkje handballaktivitetar i hallen heile veka og opplegg på Sartor Storsenter.

- Synergiane ved eit slikt arrangement er viktige. Vi ønskjer å støtta opp om idretten, og senteret har sponsoravtale med Håndballforbundet Region Vest, seier marknadssjef i Sartor Storsenter, Hans Jarle Einarsen, som ber publikum om å parkera i Kystbygarasjen. I Glassgården på Sartor Senter kan du fredag kveld møta spelarar frå Tertnes Elite. Då vert det også handballaktivitetar og konkurransar.

Frå kampen mellom Noreg og Romania på denoffsielle opningsdagen for Sotra Arena 27. oktober 2013.

- Vi gler oss

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy er svært glad for at Fjell og regionen får nok eit stort idrettsarrangement.

- Vi veit av erfaring at Sotra Arena er ein ideell hall for internasjonale handballkampar. Eit slikt arrangement vert eit løft og eit utstillingsvindauge for heile regionen. Dette arrangementet skjer altså berre to månader etter Sykkel-VM. Det har vore ein travel haust, men vil gler oss stort til å vera med på dette, seier Sandahl Bjorøy.

Stort sett er billettane til kampane utselde, men det er nokre ståplassar igjen.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland og Vigleik Brekke



 


Publisert: 20.11.2017 06:00
Sist endret: 17.11.2017 15:49