Facebook ikon Twitter logo Print side

Har du barn?

På samlesida fjell.kommune.no/hardubarn finn du viktige tilbod for alle som har barn i Fjell.

Foto: Colourbox

Sida skal gi ei lett forståeleg oversikt over tilbod som finst i kommunen, frå barnehageplass og skuleskyss til fritids- og aktivitetstilbod. Oversikta er meint for alle foreldre uansett økonomi og livssituasjon.

Snarveg til sida Har du barn?

Kristoffer Møvik er prosjektleiar for innsatsen om nedkjemping av barnefattigdom. Han ser «Har du barn?»-sida som eit samordningstiltak:

–Vi vil formidla kva tilbod som samla sett finst i kommunen, både slik at foreldre veit kva dei har rett på og for at dei ulike tenestene skal hugsa å spela på kvarandre. Mange av tilboda gjeld fellesarenaer som barnehage, skule og helsestasjon. I tillegg finst ordningar som skal styrka familiar der foreldra treng noko meir støtte, slik at barna kan delta på linje med andre.

Sida skal først og fremst gi oversikt og introdusera ulike tilbod, med lenkje vidare til andre stader på nettsida for meir informasjon, søknad eller påmelding. Det er utvalet mot barnefattigdom som har ansvar for å halda sida oppdatert.

Kontakt: Siv Anne Waage (Siv.Waage@fjell.kommune.no), Åsne Hagen (Asne.Hagen@fjell.kommune.no)


Publisert: 04.01.2018 13:05
Sist endret: 04.01.2018 13:11