Facebook ikon Twitter logo Print side

Har evaluert planarbeid på Straume

- Kommunedelplanen for Straume (2005-2018) har vore eit styrande dokument for utviklinga på Straume. Det er ein av konklusjonane som kjem fram i ein evalueringsrapport utarbeidd av Asplan Viak.

May Britt Hernes
May Britt Hernes

Rådgjevar hjå Asplan Viak, May Britt Hernes, orienterte formannskapet i går om erfaringane med kommunedelplanen og andre planar knytt til Straume. Det er elles konkludert med at det har vore ein ordinær planprosess, men med eit tett samarbeid mellom utbyggjarar og den kommunale leiinga. Kommunedelplanen definerte eit tydeleg sentrum, men ifølgje Asplan Viak burde områdereguleringa hatt ei større avgrensing.

I tillegg til gjennomgang av relevante planar, vedtak og andre dokument, er det gjennomført intervju med 15 informantar. Verkemiddel og oppfølging av kommunedelplanen har ulike tilnærmingar. Det handlar om utvikling i sentrum og sentrumsnære område, planlegging av Sotrasambandet og utvikling av andre område.

- Politikarane har vore tru mot kommunedelplanen. Det ligg mellom anna til grunn ein viktig premiss om oppkjøp av husvære. Dette har sikra tilbod til fleire grupper og sikra variert busetnad, sa Hernes til formannskapet i dag.

Ifølgje Hernes er det ei utfordring at ein i sentrum og sentrumsnære område ønskjer etablering av barnefamiliar, men at det gjerne resulterer i at det er «60 pluss» som kjøper husvære. Ei av årsakene til dette er pris på husværa. Ein av kommentarane frå informantane var at «Vi er ein kommune med mange barn og unge, det må gjenspeilast i sentrum».

Plan- og eigedomssjefen følgjer opp rapporten over nyttår. I neste veke vert truleg ei «kartforteljing» presentert på nettsida. Dette digitale verktøyet gjer det mogleg å henta ut omfattande informasjon frå planområdet.

ROS-analyse bidreg til å lukka avvik etter tilsyn

Formannskapet gjekk inn for å godkjenna den overordna heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen (kommuneROS) for Sund, Fjell og Øygarden. Dersom ROS-analysen vert vedteken av dei tre kommunane innan utgangen av året, vert avvika frå Fylkesmannen lukka.

Dei tre kommunane har hatt avvik knytt til manglande heilskaplege ROS-analysar etter tilsyn frå Fylkesmannen. Fristen for å lukka avvika er 31. desember i år. Som følgje av at dei tre kommunane dannar Nye Øygarden kommune frå 2020, har det vore gjennomført felles prosjekt for gjennomføring av ROS i kommunane. Resultatet er eit felles kommuneROS-dokument. I gjennomføringa av analysen har ein sett vekk frå kommunegrensene, men teke omsyn til lokale forhold i den enkelte kommune. Saka går til behandling i kommunestyret.

Utsette sak om alkoholservering i samband med boksestemne

Etter ein lengre debatt, utsette formannskapet behandlinga av Hansvoll & Sollund promotions sin søknad om skjenkeløyve i samband med eit boksestemne der Tim Robin Lihaug skal boksa om VM-tittel den 23. mars neste år.

I dei alkoholpolitiske retningslinjene går det fram at det ikkje kan skjenkast alkohol i Sotra Arena samstundes som det går føre seg idrettslege arrangement i arenaen. Det kan likevel gjerast unnatak i spesielle tilfelle dersom det er formålstenleg ut frå ei heilskapsmessig vurdering. I debatten kom det spørsmål om dette var eit arrangement med aldersgrense på 18 år. På bakgrunn av uvisse omkring dette, vart saka utsett.

Før saka vart utsett, var det ein lengre debatt om det skulle gjevast skjenkeløyva. Odd Bjarne Skogestad (KrF) var tydeleg på at han ville røysta imot skjenkeløyve.
Før saka vart vedteken utsett, var det ein lengre debatt om det skulle gjevast skjenkeløyva. Odd Bjarne Skogestad (KrF) var tydeleg på at han ville røysta imot skjenkeløyve uansett.

Avklaring om rente- og avdragsfritt lån

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy orienterte om krav frå Norges Fotballforbund knytt til eit rente- og avdragsfritt lån 1. divisjonsklubben Nest-Sotra har fått av Fjell på to millionar kroner. Fotballforbundet har bedt om ei presisering om at lånet må ha ein varigheit på minst to år. Ordføraren fekk tilslutnad frå formannskapet om å stadfesta at lånet på to millionar kroner er eit ansvarleg lån som er rente- og avdragsfritt i minst to år til, fram til 31. desember 2020. Lånet har prioritet etter all annan gjeld, og det er ikkje krav til sikkerheit i eigedelane til klubben.

Ordføraren fekk også tilslutnad frå formannskapet om å stilla seg positiv til eit initiativ til ei minnestøtte etter helikopterulukka ved Turøyna i april 2016. Aktuell løyving frå Fjell kommune er 150 tusen kroner. Også Sund og Øygarden kommunar, Sparebanken Vest og Equinor er aktuelle bidragsytarar til minnestøtta.

Ordføraren orienterte også om status for forhandlingane om ein byvekstavtale. Det skal vera nytt forhandlingsmøte den 14. desember.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 05.12.2018 19:45
Sist endret: 06.12.2018 08:55