Facebook ikon Twitter logo Print side

Haustferiekurs i musikk, dans og drama

Tilbod om kurs for barn frå 4. - 7. klasse i Fjell kommune frå 8. - 12. oktober. Alternativ for dei som er for gamle for å gå på SFO.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kurs i musikk, dans og drama

Dato | Tid | Stad

Måndag 8. til fredag 12. oktober.
Opningstid kl. 07.30 - 16.00
Undervisning kl. 08.30 - 15.00
Straumeklubben ved Sartor Storsenter (Arefjordvegen 21, 5353 Straume)

Her kan du lesa plakat for arrangementet

Om kurset

Målet med kurset er:

  • at barna skal få utvikla sine ferdigheiter innan kor/solosong, dans og drama.
  • fokus på trivsel, utvikling og meistring i gruppa
  • at alle skal få ei positiv oppleving saman med andre
Frukost

Vi startar kvar dag med at foreldra kan levera barna mellom kl. 07.30 og 08.30. Her kan deltakarane slappa av og eta frukost om dei ikkje har ete tidlegare på dagen.

Lunsj

Deltakarane tar med seg lunsj kvar dag. Dei får ein 40 minutt lang lunsjpause midt på dagen. På fredag spanderer vi pølse i brød på alle saman.

Bli kjent!

Vi startar med å presentera opplegget og oss sjølv, og brukar leiker for at alle skal bli kjent med og trygge på kvarandre.

Tema "All Around the World"

Vi skal jobba for at alle deltakarane får læra mest mogleg i musikk, dans og drama på den tida vi har. Vi har valt å laga repertoar rundt temaet "All Around the World", der deltakarane skal få både utfordringar og kjenne på meistring. Veka vert avslutta på fredag med ein "hentekonsert" som foreldra vert oppfordra om å sjå på.

Dans

Her får deltakarane både læra ein ferdig koreografi og utfordra til å laga sin eigen koreografi til musikk. Alle typar dans er mogleg.

Dramaleik

I dramaleik får alle utforska ulike typar drama og improvisasjon utan noko press for at nokon skal sjå det. Dette oppfordrar til mykje kreativitet og er mest for eiga utvikling og å bli trygg på seg sjølv. Dette skal være gøy og avslappande.

Drama

Til forskjell frå dramaleik skal vi i drama fokusera meir teater som skal framførast for eit publikum. Her vil dei få forskjellige oppgåver dei skal jobba med, men det vert ikkje utdelt noko manus med roller. Her er det fokus på formidling og presentasjon.

Kor

I kor vil deltakarane få presentert eit repertoar der dei skal kjenna på meistring, men dei skal også kjenna på utfordring. Alle som har lyst skal få syngja solo, anten dei vil syngja for dei andre på gruppa eller på konserten for foreldra.

Mini-framsyning

Fredag 12. oktober vert det framsyning kl. 15.00

Pris

Gratis tilbod for elevar i 4. - 7. klasse i Fjell kommune. Begrensa plassar.
Ta med frukost og lunsj.

Påmelding

Meld barnet ditt på kurset til alexandra.lillebo@gmail.com
Frist for påmelding er 4. oktober 2018.

Om instruktørane

Instruktør i dans og drama: Alexandra Lillebø

Alexandra LillebøAlexandra Lillebø er 18 år gamal og går tredje og siste året på dramalinja på Fyllingsdalen videregående skole. Ho har store planar om å flytta til USA og ta bachelor i musikkteater når ho er ferdig på vidaregåande.

Ho har lang erfaring i Fjell kulturskulekor, der ho har vore med i snart sju år. Ho har også vore i Trondheim på "Ung-MOT-leiar kurs» gjennom organisasjonen MOT. Ho har mykje teatererfaring frå skulen, men også gjennom koret og prosjekt.

Instruktør i musikk og dans: Eli Løfvenius

Eli Løfvenius Eli Løfvenius er 18 år gamal og går tredje og siste året på musikklinja på Bergen Private Gymnas. Hun har gjennom Ung i kor Vest, der ho no sit som styremedlem og koralliansen, tatt modul eín i dirigering. Eli har vore med i Fjell kulturskulekor i 12 år og dirigerer for tida junior- og barnekoret der.

Eli har også tatt "ung-MOT-leiarkurs» gjennom MOT og har også sang- og leiarerfaring frå skulen og sommarkurs.


Publisert: 13.09.2018 09:04
Sist endret: 13.09.2018 09:24