Facebook ikon Twitter logo Print side

Havarert flytedokk på Ågotnes skal ikkje hevast

Fjell kommune har avgjort at skroget av flytedokka som den 26. november 2018 havarerte i industrihamna ved Coast Center Base AS (CCB AS), ikkje skal hevast. Skroget ligg på skrånande botn på 20 til 60 meters djupn.

Slik såg dokka ut før ho vart rehablitert på Ågotnes.
Slik såg dokka ut før ho vart rehablitert på Ågotnes. Foto: Kjell Andersland

Det er Fjell kommune som har forureiningsmynde i denne saka. I brevet til CCB AS skriv kommunen at løyvet om å la skroget verta liggjande er gjeve på fleire vilkår. Mellom anna skal CCB AS ta opp installasjonar og gjenstandar frå flytedokka som kan hevast utan uforholdsmessige kostnader og risiko for liv og helse. CCB AS skal utarbeida ei detaljert oversikt og plan for kva installasjonar og gjenstandar som skal fjernast.

Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har gjennomført ei vurdering av miljøkonsekvensane av å heva skroget. NIVA har konkludert med at dokka ikkje vil forårsaka ei merkbar forverring av miljøtilstanden lokalt i hamneområdet og i Hjeltefjorden dersom ho vert liggjande der ho er i dag.
Vurderinga av om dokka skal hevast, må vegast opp mot risikoen for liv og helse og dei økonomiske konsekvensane. Fjell kommune konkluderer med at det er ein vesentleg risiko for liv og helse ved ein hevingsoperasjon. Skroget må delast opp i fire-fem delar, og oppkuttinga inneber risiko for skade på personell og utstyr. Operasjonen vert rekna som meir omfattande enn hevinga av fregatten Helge Ingstad. Hevinga av Helge Ingstad kosta til saman 726 millionar kroner.

Etter ei samla vurdering av miljørisiko ved utslepp av ureining frå dokka, risiko for liv og helse og økonomi, konkluderer Fjell kommune med at den beste samfunnsmessige løysinga er at skroget vert liggjande i industrihamna til CCB.

Her er dokka på Laksevåg før ho vart slept til Ågotnes i august 2017.
Her er dokka på Laksevåg før ho vart slept til Ågotnes i august 2017. Foto: Vigleik Brekke

CCB AS har i samråd med Det Norske Veritas (DNV) vurdert om dokka kan nyttast som forankringspunkt for riggar. Det er mogleg å gjennomføra ankring ved kvart anløp, noko som vil gje miljøgevinst og reduserte kostnader. Ved å nytta dokka til dette, vil CCB AS oppnå DNV-godkjend fortøying (100-årsstorm inkludert eit linjebrot).

Her er vedtaket:

Fjell kommune gjev Coast Centre Base AS (CCB) løyve på vilkår til å la skroget av flytedokka liggje i industrihamna ved CCB på Ågotnes.
Løyvet vert gitt på følgjande vilkår:

  • CCB skal ta opp installasjonar og gjenstandar frå flytedokka som kan hevast utan uforholdsmessige kostnader og risiko for liv og helse.
  • CCB skal utarbeida ei detaljert oversikt og plan for kva installasjonar og gjenstandar som skal fjernast. Planen skal innehalda framdriftsplan for gjennomføring. Etter at fjerningsarbeidet er ferdigstilt skal CCB utarbeida sluttrapport. Planen og sluttrapport skal godkjennast av Fjell kommune.
  • CCB skal overvaka utslepp av tungmetall i området ved vraket samt ved kontrollpunkt i Hjeltefjorden. Punkta skal fastsetjast av kommunen i samråd med CCB. Overvakingsprogrammet kan samordnast med CCB sitt eksisterande program for overvaking av industriverksemda på Ågotnes.
  • Første prøvetaking skal gjerast innan utgangen av 2019. Deretter skal det takast prøvar annakvart år t.o.m. 2025. Reduksjon av prøvefrekvens skal vurderast på bakgrunn av prøveresultat ved utgangen av 2025.

Tekst: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 16.10.2019