Facebook ikon Twitter logo Print side

Havrom 2017: Optimistisk fiskeriminister Sandberg

Fiskeriminister Per Sandberg (FrP) la seg på ei optimistisk linje då han på Havrom 2017 på Bakscenen i dag hadde sitt innlegg om havbruksnæringa. Han fann seg vel til rette i forsamlinga.

Per Sandberg
Per Sandberg

- Dette er nesten som å vera på eit møte i FrP. Det er mangel på kvinnfolk! sa Per Sandberg då ha starta sitt innlegg.

Ifølgje statsråden er det ingen tvil om at fiske og fiskeoppdrett får ein stadig viktigare posisjon for Noreg. Han var også klar på at Noreg har eit unikt miljø som er best på leveranse av sjømat og teknologikompetanse.

- Utlandet misunner oss for samarbeidet mellom ulike næringar, forskingsinstitusjonane og styresmaktene. Vi produserer trygg og god sjømat, og vil skal levera kvalitét. Noreg eksporterte sjømat for 91,6 milliardar kroner i 2016, og målet mitt er at vi passerer 100 milliardar kroner i 2017, sa Sandberg.

Utfordring med lakselus

Han vedgjekk at utfordringa med lakselus plagar han. Frå 1. oktober vert landet delt inn i 13 produksjonsområde, og dei som har «orden på sakene» kan få auka produksjonen, medan dei som ikkje har det, vil få redusert produksjonsvolumet. Han viste også utviklingsløyva som vart gjeve i 2015 som inneber at dei som produserer laks og aure kan sleppa å betala vederlag i den perioden det går føre seg utviklingsprosjekt.

Statsråden viste til at regjeringa i februar la fram havstrategien. Måla i denne strategien er test- og demonstrasjonsprogram, auka kunnskapsflyt og læring på tvers, auka satsing på digitalisering og teknologi og auka kunnskap om økosystema.

I tillegg til innlegget frå statsråden, var det seks innlegg frå inviterte leierar frå næringslivet. Dagleg leiar i Blom Fiskeoppdrett, Øyvind Blom, sa at det er mykje godt lokalt næringsliv å byggja på i regionen. Han orienterte om Blom Biometis der det er utvikla ein ny patentsøkt teknologi som gjer det mogleg å samla oppdrettsslam. Energirik bioressurs kan gjerast tilgjengeleg som potensiell energikjelde og gjødsel.

- Det vert lagt til rette for ei separat oppsamlingseining på havbotnen, medan massane vert pumpa opp igjen, sa Blom. 

Det var bra oppmøte på konferansen.
Det var bra oppmøte på konferansen.

Etter innlegga gjennomførte inviterte leiarane frå næringslivet, nøkkelpolitikarar og representantar frå kunnskapsinstitusjonar ei arbeidsøkt for saman å setja dagsorden framover for eit samarbeid i konkrete prosjekt og tiltak som skal følgjast opp etter konferansen. Då handla det om samspel mellom sjømatnæringa, leverandørbedrifter og tenesteleverandørar.

Konferansen vart gjennomført i Gründerparken Vest/Bakscenen i regi av Gode Sirklar AS og Vest Næringsråd. Konferansen var også eit resultat av nært samarbeid kommunane Sund, Fjell og Øygarden.

Her er fleire bilete frå konferansen:

Øyvind BlomInger Margrethe Graves i Aanderaa Data InstrumentsTom Georg Indrevik

 

 

 

 

 


Publisert: 04.04.2017 13:23
Sist endret: 04.04.2017 13:31