Facebook ikon Twitter logo Print side

Heidra for lang og tru teneste i Fjell kommune

Den 31. januar ønskte personalsjef Lisbeth Grosvold 70 gjester i kultursalen i Fjell rådhus velkomen til fest der jubilantar skulle heidrast.

40-årsjubilantane. Frå venstre; Lisbeth Grosvold (personalsjef), Steinar Nesse (rådmann), Frøydis Bjørkmann, Ole Bernhard Ekornes, Lillian Torsvik (servicetorgsjef) og Wilhelm Anglevik (skulesjef).
40-årsjubilantane. Frå venstre; Lisbeth Grosvold (personalsjef), Steinar Nesse (rådmann), Frøydis Bjørkmann, Ole Bernhard Ekornes, Lillian Torsvik (servicetorgsjef) og Wilhelm Anglevik (skulesjef). 

Markeringa gjaldt dei som har arbeidd i kommunen i 40, 30 og 25 år. Det vart også gjeve honnør og takk til dei som gjekk av med pensjon i 2015. Dei som har vore tilsette i 30 år i kommunen, fekk utdelt Norges Vel si medalje med diplom for lang og tru teneste. 40-års- og 25-årsjubilantane fekk gåvekort.

I år var det tre 40 års-jubilantar, åtte jubilantar som fekk utdelt Norges Vel-medalje (30 år), 23 25-årsjubilantar og 25 som hadde gått av med pensjon i 2015.

Kulturskulen stod for musikalske innslag under markeringa ved Hallgeir Fiskaaen. På samlinga vart det også gjeve eit historisk tilbakeblikk/»skråblikk» på åra 1976, 1986 og 1991.

30-årsjubilantar

30-årsjubilantane fekk Norges Vel Medalje. Frå venstre: Lisbeth Grosvold
30-årsjubilantane fekk Norges Vel Medalje. Frå venstre: Lisbeth Grosvold
(personalsjef), Elisabeth Heigen Nygaard, Ingrid Fjær, Aud Algrøy Svidal,
Sigrun Høydalsvik, Steinar Nesse (rådmann), Åse Kobbeltvedt, Kari Hamre, Line
Barmen (omsorgssjef) og Wilhelm Anglevik (skulesjef).

25-årsjubilantar saman med rådmann og sjefar

Pensjonistar saman med rådmann og sjefar

 


Publisert: 15.02.2017 22:37
Sist endret: 15.02.2017 22:49