Facebook ikon Twitter logo Print side

Helseminister Bent Høie besøkte Øygarden Lokalmedisinske senter

I dag kom helseminister Bent Høie på besøk til Fjell kommune og fekk sjå Øygarden Lokalmedisinske senter på Straume

Helseminister Bent Høie saman med fungerande rådmann Margun Landro, ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, leiar Tonje Tangen Alsvåg og Ernst Einarsen

Fungerande rådmann Margun Landro, ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, helseminister Bent Høie, leiar for Lokalmedisinsk  senter og fungerande omsorgssjef Tonje Tangen Alvsvåg, leiar for Komité for drift og forvaltning Ernst Einarsen.

Han fekk først orientering av ordførar Marianne Sandahl Bjorøy om utviklinga av helseområdet på Straume og bakgrunnen for etableringa av det lokalmedisinske senteret. Samhandling er viktig i denne samanhengen. Helse Bergen har ei topp moderne dialyseavdeling og Hordaland fylkeskommune driv tannlegesenter i bygget.

Leiar Tonje Tangen Alvsvåg orienterte meir om bygget og tenestene som held til i dei tre etasjane. Så var det omvising for helseministeren med følgje. Han gav sjølv uttrykk for at han var imponert over det han fekk sjå og høyre om.

Tekst og foto: Kjell Andersland

Her er fleire foto: 


Sist endret: 01.08.2019