Facebook ikon Twitter logo Print side

Helsetenester er sentralt i arbeidet med regionsenter

Både i 2017 og 2018 har lokalisering av helsetenester vore tema i forum for regionsenterkommunar. Fjell kommune er ein av ti kommunar i Hordaland med regionsenter. Fjell-ordførar, Marianne Sandahl Bjorøy, leiar styringsgruppa for forum for regionsenterkommunar.

Styringsgruppa
Styringsgruppa

Ti kommunar (Askøy, Bergen, Fjell, Kvam, Kvinnherad, Lindås, Odda, Os, Stord og Voss), Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Statens vegvesen står saman i dette arbeidet. Formålet med forumet er å leggja til rette for kunnskaps- og erfaringsdeling, og å koordinera og samordna bruken av verkemiddel og ressursar knytt til regionsenter.

Bakgrunnen for etableringa er målsetjinga i regional plan for attraktive senter i Hordaland: Å utvikla attraktive regionale senter, som grunnlag for vekst i heile fylket. Ansvaret er delt mellom kommunane, fylket, staten og private. God samhandling er avgjerande for resultata.

På møtet i mars i år handla det om tilbod, samarbeid og lokalisering av helsetenester. Her var brei deltaking frå både regionsenterkommunane og fleire helseinstitusjonar.

Hordaland fylkeskommune utarbeidde ein rapport om «Helsetenester i senterstrukturen» (AUD-rapport 04-2018) til dette møtet.

Marianne Sandahl Bjorøy hadde innlegg om vidare utvikling i frontkommunane Os, Fjell, Meland og Lindås. Tema var attraktive bustadtilbod og bumiljø, attraktivitet for næringslivet og arbeidet med å fremja sykkelbruk og å gå til fots i regionsentera. Helsesjef Terje Handal orienterte om lokalmedisinsk senter på Straume.

Rapport om samlokalisering av helsetenester

På bakgrunn av den informasjonen som kom fram i møta gjennom foredrag og dialog, og i rapporten, har Hordaland fylkeskommune utarbeidd ein rapport med tittel: «Samlokalisering av helsetenester i regionsentera i Hordaland».

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 11.07.2018 10:35
Sist endret: 11.07.2018 10:53