Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er gode råd om eigenberedskap

Denne veka inviterer Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB) til Eigenberedskapsveka 2019. Både som kommune og som enkeltborgar kan vi førebu oss på krevjande situasjonar.

Ill.foto

Eigenberedskapsveka (28. oktober til 3. november) handlar om at vi set eit ekstra fokus på korleis vi kan møta krisar. DSB har utvikla bodskap og produsert kampanjemateriell som kan nyttast fritt av offentlege etar. Men også som enkeltborgar kan vi førebu oss på uønskte situasjonar.

Kvifor er dette viktig no?

Ifølgje DSB er det fleire forhold som gjer at vi kjem med desse råda no. Klimaendringane har ført til meir ekstremver som igjen kan føra til bortfall av straum, vatn og mobilnett. Den tryggleiksmessige situasjonen har ført til at Noreg moderniserer totalforsvaret. DSB viser også til at det er svært mange tenester og funksjonar som vi er avhengige av i vårt daglege liv og at desse er svært sårbare.

Kva kan vi gjera!

Aktuelle tiltak kan vera å sikra seg reservelager av vatn, mat, medisinar og varmekjelder. Finn ut kven som kan trengja hjelp frå deg og korleis du kan bidra. Dersom det er utstyr du planlegg å bruka i ein naudsituasjon, gjer det kjent med korleis det skal brukast og syt for at det verkar.

Les meir om eigeberedskap her. 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: DSB

 


Sist endret: 29.10.2019