Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er nominerte til Drømmestipendiet

Sju artistar og kor frå Fjell er nominerte til Drømmestipendiet.

Fjell kulturskulekor er mellom dei nominerte
Fjell kulturskulekor er mellom dei nominerte.

Det er Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping som nominerer til Drømmestipendiet. Totalt er det 458 unge kulturutøvarar i landet som er nominerte. Dei nominerte vert vurderte av fagjuryar innan kvar kategori og i ein eigen draumejury.

Nominerte i Fjell er Marius Marcin Meidell, Isabel Murugan, Fjell kulturskulekor, Eli Løfvenius, Gunhild Rebnord, Katherine Alikhodjaev og Gerd Vårin Emmerhoff. Les meir her.

Hundre av dei nominerte får tildelt kvart sitt draumestipend på 15 tusen kroner. Stipendoverrekkinga skjer i mai og juni.

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 27.02.2018 08:48
Sist endret: 27.02.2018 08:52