Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

Her er rapporten for veke 22. Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



25 mill. i minus etter fire månader

Rekneskapen for Fjell kommune etter drift i fire månader viser eit negativt netto driftsresultat på om lag 25 millionar kroner. Dette er om lag 10 millionar kroner svakare enn på same tid i fjor. Dette er ei av fleire saker på møtet den 6. juni.
Les meir.

Sluttbehandling av plan for Knappskog gamle skule

Det er klart for sluttbehandling av detaljreguleringsplan for Knappskog gamle skule. Formålet er å leggja til rette for 30 bustadeiningar med leilegheitsbygg med parkering og uteareal på den gamle skuletomta på Knappskog. Komité for plan og utvikling (KPU) behandlar saka tysdag den 7. juni.
Les meir.

Føreslår å utvikla idrettsanlegget på Ågotnes

Rådmannen går inn for at det vert gjennomført ei rekkje tiltak for å utvikla Ågotnes idrettspark. Komité for drift og forvaltning (KDF) skal behandla ei sak om dette på møtet den 6. juni. Andre saker: Spelemidlar til turnhall på Straume, etterbruk av Ekerhovd skule og tilskot til kukturformål.
Les meir

To millionar kroner til forskingsprosjekt leia av Fjell

Regionalt forskingsfond Vestlandet har løyvd to millionar kroner til eit prosjekt om risikokommunikasjon leia av Fjell kommune. Prosjektet handlar om korleis kommunar på ein god måte skal kommunisera med innbyggjarane sine om «usynlege farer» som til dømes radongass, stråling frå høgspentleidningar og legionellaførekomstar.
Les meir. 

Legg strategi for ny vidaregåande skule

Regionrådet Vest ønskjer tett dialog med Hordaland fylkeskommune for å få realisert ny vidaregåande skule i Sotra Kystby. På styremøtet i Fjell på måndag orienterte Sigmund Kvernes i Gode Sirklar og Tone Merethe Aasen (SINTEF) om status for kunnskapsklusterprosjektet i Sotra Kystby.
Les meir.

Møt gründermiljøet i regionen vår

Onsdag den 7. juni vert du invitert til å verta kjent med gründermiljøet i regionen vår. Gründerparken Vest, Bransjegruppen Gründergruppen, Vest Næringsråd og dei tre kommunane i regionen inviterer til eit kveldsarrangement der du vert kjent med gründermiljøet og kva som må til for å starta opp verksemd på eiga hand.
Les meir.

Seniortreff på Landro skule

Tysdag 29. mai arrangerte Landro skule seniortreff for besteforeldre, oldeforeldre og seniorar i bygda. Dette er ein kjekk tradisjon som skulen har hatt i mange år. Seniorane kom som alltid i god tid før kl.10.00 og fylte gymsalen rundt langbord som elevane på 7. trinn hadde sett opp og pynta. Elevane på 7. trinn hadde også ansvar for servering av kaffi og rundstykke i pausen.
Les meir. 

Full aktivitet på Foldnes skule

Denne veka gjennomfører Foldnes skule aktivitetsveke. I tillegg til å få alle elevane i god aktivitet, vert det fokusert på sunt kosthald. På skuleplassen tysdag føremiddag var klasse 6a i full gang med sykkelopplæring i regi av «Alle barn sykler».
Les meir.

Grill og hattefest på Straume bu og servicesenter

31.mai var det igjen duka for festleg lag på Straume bu og servicesenter. Denne
gongen var det den årlege grill og hattefesten som gjekk av stabelen. Bebuarar,
pårørande og personale var samla til ei kjekk stund med god mat, song og
musikk.
Les meir.

Irene Solem Hansen hjå Barnehagesjefen fekk ildsjelpris

Pedagogisk konsulent hjå Barnehagesjefen, Irene Solem Hansen, er tildelt «Årets DUÅ-ildsjel 2017». Dette skjedde på Nasjonal fagdag for De Utrolige Årene (DUÅ) på tysdag.
- Det var ein skikkeleg «høydare» for oss at vår eigen Irene vart tildelt denne
prisen, seier rettleiar for barnehagar i Fjell, Marianne Gjerstad.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (22)

• 29.05.: Representantskap i Sotra Brannvern
               Møte i Regionrådet Vest
• 30.05.: Intervju av kandidatar til prosjektleiarstillinga ny kommune
               Workshop – Telemaksforskning, Attraktivitetsanalyse/tillitsanalyse
01.06.: Besøk hos ungdommar i eitt av bufellesskapa våre
• 02.06.: Møte med Bjorøy skole

Ordføraren neste veke (23)

  • 06.06.: Kranselag – Landro skule
                Komitemøter
  • 07.06.: Formannskap
                «Bli kjent med grundermiljøet på Sotra» - Konferanse i Grunderparken
  • 08.08.: Møte med innbyggjarar på Biblioteket
                Opning av ballbingen på Tellnes
                Nærmiljøprosjektet på Bjorøy, presentasjon frå Trafikkagentene
  • 09.08.: Dialogmøte med Hordaland fylkeskommune

 

 


Publisert: 01.06.2017 23:55
Sist endret: 02.06.2017 00:41