Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 20 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Historisk vedtak for Sotrasambandet

Tysdag kveld vedtok Stortinget at Sotrasambandet skal realiserast som eit OPS-prosjekt (OPS: Offentleg Privat Samarbeid). Mindretalet (Ap, Senterpartiet og SV) røysta for å gjennomføra prosjektet som eit ordinært vegbyggingsprosjekt i regi av Statens vegvesen.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy gler seg over at Stortinget no har gjort det endelege vedtaket.
Les meir

Tre milliardar kroner til kommunalsektoren neste år

Regjeringa legg opp til ein vekst i frie inntekter på mellom 2,6 og 3,2 milliardar kroner i 2019. Dette utgjer ein vekst på mellom 0,7 og 0,9 prosent. På tysdag denne veka presenterte regjeringa framlegget til kommuneproposisjonen (kommuneopplegget) og revidert nasjonalbudsjett. Men KS (fellesorganisasjon for kommunane) er ikkje nøgd med alt som kjem fram i proposisjonen. Mellom anna er KS misnøgd med at bemanningsnorma i barnehage ikkje er finansiert.
Les meir.

La ned krans på minnestøtta ved Fjell kyrkje

Etter gudstenesta den 17. mai la ordførar Marianne Sandahl Bjorøy ned krans på minnestøtta etter dei falne under siste verdskrigen.

- Minnestøtta som er reist ved Fjell kyrkje minner oss om dei mange unge gutane og mennene som reiste ut i krigen og som ofra seg for landet vårt. Vi bøyer oss i takksemd for dei som gav aller mest, dei som gav sin eigen fridom for at vi skulle få leva i han, sa ordføraren før ho la ned kransen.
Les meir.

Administrativ organisering: Leiarane i kommunane ønskjer to-nivåmodell

30 leiarar og tillitsvalde i dei tre kommunane har denne veka vore samla på leiarsamling for å drøfta den overordna administrative organiseringa av Nye Øygarden kommune. Det er semje om at den nye kommunen bør organiserast som ein to-nivåmodell med kommunalsjefar. Dette samsvarar også med tilrådinga frå dei tre rådmennene.
Les meir.

Optimistisk prosjektrådmann

- Når eg høyrer kva kompetanse som er representert rundt bordet her i dag, er eg trygg på at dette vil gå bra. Det sa prosjektleiar Rune Lid då han ønskte knapt 30 leiarar og tillitsvalde frå dei tre kommunane på ei leiarsamling i dag. Samlinga vart avslutta tysdag. Hovudtema for samlinga er den overordna administrative organiseringa for Nye Øygarden kommune.
Les meir

«Avslutning av Erasmus-prosjektet PEACE-E i Rouen i Frankrike»

Representantar for Knappskog skule er denne veka saman med Anne Swensson frå Skulesjefen i Fjell i Rouen i Frankrike for å delta på avslutninga av Erasmus pluss prosjektet PEACE-E.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (20)

  • 14.05.: Generalforsamling Sambygg AS
                Nettverkssamling for ordførarar/varaordførarar
  • 15.05.: Stortinget; overhøyring av debatten ved godkjenning Sotrasambandet
  • 16.05.: Fellesmøte MOT
  • 17.05.: Kransenedlegging v/Fjell kyrke
                «Sofraprat» på Bibelskulen på Bildøy

Ordføraren i veke 21

  • 22.05.:  Pau- møte
                 Dialogmøte med NAV i regi av KS Hordaland
                 Organisasjonsutval:  etikkreglement for nye Øygarden kommune
  • 23.05.:  Møte med trafikksikringsgruppa på Brattholmen skule
                 Møte med Helse-Bergen

Publisert: 18.05.2018 08:37
Sist endret: 18.05.2018 12:35