Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 21 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Markerte Foldnes som dysleksivennleg skule

Torsdag føremiddag vart det markert at Foldnes skule har fått status som dysleksivennleg skule. Det er Dysleksi Norge som inngår eit slikt samarbeid med skular i landet. Foldnes skule er den andre skulen i Hordaland som har fått denne statusen.
Les meir.

Får truleg meir pengar frå havbruksfondet

I revidert nasjonalbudsjett er pårekna utbetaling frå havbruksfondet til kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd pårekna til 2,4 milliardar kroner. Dette er ein kraftig auke i forhold til året før og vil venteleg gje vesentleg større utbetalingar til Fjell og nabokommunane. Fylkesmannen har i dag sendt ut brev til kommunane i Hordaland der han skriv om regjeringa sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett og kommuneopplegget for 2019.
Les meir.

Ny ekspressbussrute mellom Straume og Kokstad/Sandsli

Tysdag denne veka vart ein ny ringbuss sett i trafikk mellom terminalen på Straume og Sandsli/Kokstad. Ruta får namnet 23E. Ifølgje Skyss er etableringa av den nye linja knytt til den krevjande trafikksituasjonen på riksveg 555. I eit samarbeid mellom Fjell kommune Statens vegvesen, politiet og nabokommunane er det gjennomført ein del tiltak for å få betre flyt i trafikken. I tillegg til dette kjem altså utvida kollektivtilbod.
Les meir.

Høyring om administrativ organisering

I sist veke sende rådmennene i dei tre kommunane framlegg til overordna administrativ organisering ut til høyring. I denne omgang gjeld høyringa nivå 1.
- I denne høyringa ønskjer vi ikkje kommentarar og innspel på nivå 2, seier prosjektrådmann Rune Lid.
Les meir

Folketalsveksten held fram

Ved utgangen av mars var det registrert 25 814 innbyggjarar i Fjell kommune. Dette er 89 fleire enn første januar 2018. Folketalet har auka med 0,35 prosent første kvartal 2018. Dersom folkeveksten i Fjell held fram med same takt, vil det enda med ein folkevekst på 1,4 prosent året under eitt. For regionen (Sund, Fjell og Øygarden) har folketalet auka med 0,15 prosent det første kvartalet 2018.
Les meir.

Markerte starten på arbeid med opptrappingsplan

Underteikna frå konsultasjonsteamet for vald og overgrep har denne veka vore på seminar på Scandic i Bergen initiert av regjeringa for å markera starten i arbeidet med Opptrappingsplan for vold og overgrep i nære relasjoner 2017-21. På seminaret var det foredrag om rapporten Svikt og Svik og informasjon om kommunale og regionale konsultasjonsteam frå mellom anna Dag Nordanger og Reidun Dybsland fra RVTS vest (Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging).
Les meir.

Folkemøte om Sotrasambandet 30. mai

Statens vegvesen inviterer til folkemøte om riksveg 555 Sotrasambandet i Fjell rådhus onsdag 30. mai. På møtet vert det informasjon om bygging av kabel-tunnelar for flytting av høgspentlinja over sundet mellom Fjell og Bergen. Tunnelen i Bergen skal gå frå Breivik til Sotrabrua i Drotningsvik, medan tunnelen i Fjell går frå Sotrabrua i Knarrvika til trafostasjonen på Litlesotra.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i veke 21

  • 22.05.: PAU-møte
                Dialogmøte med NAV i regi av KS Hordaland
                Organisasjonsutval: etikkreglement for Nye Øygarden kommune
  • 23.05.: Møte med trafikksikringsgruppa på Brattholmen skule
                Møte med Helse-Bergen

Ordføraren i neste veke (22)

  • 27. - 29.05.: Studietur med fellesnemnda
  • 30.05.: «Vil du vera med å sykla» - Sykkeltur med bebuarar i området rundt sjukeheimen og Straume Bu- og servicesenter
  • 01.06.: Styremøte MOT - Fjell kommune

 


Publisert: 25.05.2018 11:21
Sist endret: 25.05.2018 11:29