Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 22 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Totalforbod mot utandørs brenning

Frå sundag 27. mai har det vore totalforbod mot brenning utandørs i Sund, Fjell og Øygarden. - Det er ikkje lov å grilla, tenna bål eller bruke eingongsgrill i strandsona i eller i nærleiken av skog og mark, understrekar brann- og redningssjef Bjørn Olav Paulsen.
Les meir.

Innskjerpar brenningsforbodet

Brannsjefen i Øygarden brann og redning innskjerpar forbodet med brenning utandørs. Fram til i dag har ikkje forbodet omfatta grilling i eigen hage. Frå no av er det også der forbode å grilla med eingongsgrill, bålpanne eller nokon form for kolgrill.
Les meir

Koste seg på sykkeltur i 25 varmegrader

Selma (89) , Alvhild (85) og Kjell (75) storkoste seg i sol og varme på sykkeltur på onsdag denne veka. Då var vart eit nytt samarbeid mellom Cykleklubben Sotra (CK Sotra) og Fjell kommune markert. No får eldre med nedsett funksjonsnivå eit nytt aktivitetstilbod. Det er kjøpt inn to elsyklar som vert stasjonerte på Kvednatunet og Straume bu- og servicesenter.
Les meir

Start for Sotrasambandet: - Vil ta omsyn til naboane

I juni startar arbeidet med å byggja kabeltunnelar mellom Breivik i Bergen og trafostasjonen på Litlesotra. Dermed er arbeidet med rv 555 Sotrasambandet i gang. Onsdag kveld var det folkemøte i Fjell rådhus. 25 personar møtte opp for å få siste nytt om prosjektet. Statens vegvesen skal gjennomføra om lag 400 grunnerverv i samband med bygging av Sotrasambandet på strekninga mellom Storavatnet i Bergen og Kolltveit i Fjell.
Les meir

Formannskap og to komitémøte neste veke

Neste veke er det kalla inn til møte i formannskapet og dei to komitéane; komité for drift og forvaltning (KDF) og komité for plan og utvikling (KPU). Til møtet i KDF ligg det på bordet 17 saker.
Les meir

Fellesprosjekt får statleg støtte

Fjell, Sund og Øygarden som skal slå seg saman til Nye Øygarden kommune er mellom dei fire prosjekta som får støtte fra Difis StimuLab etter første søknadsrunde. StimuLab er ei ordning som DIFI (direktoratet for offentleg forvaltning) og DOGA (design og arkitektur Norge) forvaltar på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei tre kommunane skal nytta midlane til å utforska korleis dei kan samordna tenester til utsette barn og unge og deira pårørande.
Les meir.

Statsrådbesøk i Fjell

Helseminister Bent Høie opplevde Fjell i vakkert sommarvér då han var på besøk på Kvednatunet på sundag. Statsråden kombinerte deltaking på Vestlandskonferansen i regi av Høgre med besøk på Kvednatunet. Saman med lokale politikarar og leiarar hjå Omsorgssjefen fekk han snakka om prosjektet «Sjef i eige liv» og Fjell kommune sitt arbeid med demens. Fjell er ein av 15 modellkommunar i Demensplan 2020.
Les meir.

Invitasjon til Friluftslivsforum

Fjell, Sund og Øygarden kommunar ønskjer i samarbeid med Bergen og Omegn Friluftsråd og invitera til første møte i Friluftslivsforum måndag 4. juni kl. 18.00. Møtet vert halde i lokala til Ran Seilforening -Angelvikvegen 115. Tema for møtet er turkart og kystpass for Nye Øygarden.
Les meir

Engasjerer innbyggjarane med oppgåveutval

Gentofte kommune like sør for København er ein av tre-fire kommunar i Danmark som har innført oppgåveutval. Desse mellombelse ad-hocprega utvala er samansett av 10 innbyggjarar og fem politikarar. Det er etablert 23 forskjellige oppgåveutval sidan 2015. Erfaringane med denne ordninga er gode. I to dagar denne veka har fellesnemnda i Nye Øygarden kommune, representantar for tillitsvalde og rådmennene i dei tre kommunane i vest besøkt randsonekommunen Gentofte.
Les meir

Føregangsland i digital helse

Danmark ligg heilt i verdstoppen når det gjeld digital helse. Det fekk fellesnemnda for Nye Øygarden erfara på studieturen til Danmark denne veka. Kontorsjef Nanna Skovgaard i Sundheds- og Ældreministeriet i København kommune orienterte om den nasjonale strategien for digital helse (2018-2022) som vart presentert i januar i år. Danmark haustar mykje ros for løysingar med felles medisinkort og nettstaden sunhed.dk.
Les meir

Leverte stafettpinnen til Børge Haugetun

Fredag den 1. juni leverte Sund-ordførar Kari-Anne Landro ein stafettpinne til ordførarkollega i Øygarden, Børge Haugetun. Landro har leia fellesnemnda for Nye Øygarden sidan oktober. Frå i dag av er det Haugetun som skal leia fellesnemnda.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (22)

  • 27. - 29.05.: Studietur med fellesnemnda
  • 30.05.: «Vil du vera med å sykla» - Sykkeltur med bebuarar i området rundt sjukeheimen og Straume Bu- og servicesenter
  • 01.06.: Styremøte MOT - Fjell kommune

 Ordføraren neste veke (23)

  • 04.06.:  Konferanse om Havbruk + regionrådet Vest
  • 06.06.:  Møte om byvekstavtaler
                 Formannskap
  • 07.06.:  Generalforsamling i Trigger AS
                 Generalforsamling i BKK AS
  • 08.06..: Sommaravslutning med Vest Næringsråd

Publisert: 01.06.2018 10:07
Sist endret: 01.06.2018 14:00