Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 24 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Partssamansett utval tilrår godkjenning av overordna administrativ organisering

Partssamansett utval (PSU) rår til at den overordna administrative organiseringa i Nye Øygarden kommune vert samansett av rådmann og fem kommunalsjefar; tre for tenesteområda og to for stab- og støttefunksjonar. Dei tre tenesteområda er 1) oppvekst, 2) helse og velferd og 3) kultur og samfunn. På møtet i PSU på tysdag var det også behandling av eigarskapsmodellar for den nye kommunen.
Les meir.

Klart for siste kommunestyremøte før ferien

På kommunestyremøtet den 21. juni skal tre reguleringsplanar opp til sluttbehandling. Det er plan for Bildøyvegen, Bildøyna, plan for Landro gravplass og plan for Tveit, Ulveset. Kommunestyret skal også behandla årsmelding og rekneskap for 2018 og økonomirapport 1. tertial (pr. 30.04.). Det er også levert inn lovlegkontroll av sakene om nedlegging av Tellnes og Liljevatnet skular.
Les meir.

Fellesnemnda tek stilling til eigarstruktur og administrativ og politisk organisering

Det ligg mange store saker på bordet til fellesnemnda den 18. juni. Det øvste politiske organet i Nye Øygarden kommune skal ta stilling til sluttrapporten frå utval for eigarskapsmodellar. Her ligg det føre framlegg til organisasjonsmodellar, eigarskap og representasjon.
Les meir.

Vellukka grill- og hagefest med 120 gjester

Tradisjonen tru vart det 13 juni arrangert grill og hattefest i kantina på Straume bu og servicesenter. Ca 120 gjester frå Straume bu og servicesenter, Fjell sjukeheim, Blombakkane bustad, Straume hagen og Straume Arbeidssenter deltok.
Les meir.

Gjennomfører undersøking om lokaldemokrati og identitet

Tysdag den 12. juni fekk innbyggjarane i Sund, Fjell og Øygarden via SMS invitasjon til å delta i ei nettbasert undersøking om lokal identitet. Det er arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet i Nye Øygarden kommune som inviterer til ei 0-barometerundersøking (nettbasert).
Les meir.

Elektronisk årsmelding for Fjell kommune

For første gong presenterer Fjell kommune årsmeldinga elektronisk. I år er ikkje årsmeldinga presentert i trykt utgåve. Årsmeldinga og rekneskapen for 2017 var til behandling i formannskapet den 6. juni, og vert endeleg behandla i kommunestyret den 21. juni.
Les meir.

Fekk Drømmestipend på 15 tusen kroner

Torsdag ettermiddag delte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy ut Drømmestipend til Gerd Vårin Emmerhoff frå Fjell. Ho er ein av dei hundre i landet som får 15 tusen kroner i stipend.
Les meir.

- Vi ser fram til å vera saman på Brattholmen skule

Skuleåret 2018/2019 skal fire klassar (80 elevar) på 6. og 7. årstrinn på Foldnes skule. Dette er ein konsekvens av budsjettvedtaket i kommunestyret i desember om å sanera asbest på Foldnes skule. Leiinga på Foldnes og Brattholmen skular har sidan nyttår arbeidd med å planleggja det mellombelse undervisningsopplegget for dei to klassane.
Les meir.

Føreslår at 64 adressenamn i dei tre kommunane vert endra

Prosjektrådmannen føreslår at 64 adressenamn i Sund, Fjell og Øygarden vert endra. Grunnen til dette er at samanslåing av kommunar normalt fører til at det må gjennomførst endringar eller tilpassingar i nokre adressenamn. Saka skal til behandling i fellesnemnda den 18. juni.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (24)

  • 12.06.: Partsamansett utval
                Sommaravslutning med Vest næringsråd
  • 13.06.: MOT på Knappskog skole
  • 14.06.: Utdeling av Drømmestipend 2018
                Møte i integreringsrådet
  • 15.06.: Møte i Havnerådet

Ordføraren neste veke (25)

  • 18.06.: Fellesnemnda
  • 19.06.: Dialogmøte med Fylkesmannen i Hordaland
                Årsmøte i HOG Energi
  • 20.06.: Møte med Helse Bergen
  • 21.06..: Møte med Fylkesmannen i Hordaland – Barnevern
                Kommunestyre
                Frivilligforum i det fri
  • 22.06.: Generalforsamling i FjellVAR
                Generalforsamling i Gode Sirklar

 


Publisert: 14.06.2018 17:56
Sist endret: 15.06.2018 23:11