Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 25 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Kommunestyret: Innfører ikkje forbod mot tigging

Med 30 mot fem røyster vedtok kommunestyret på torsdag at det ikkje skal innførast forbod mot tigging i Fjell. Mindretalet røysta for tiggeforbod. Vedtaket vart gjort i samband med revisjon av politivedtektene. Elles godkjende kommunestyret tre reguleringsplanar, årsmelding og rekneskap.
Les meir.

Ønskjer dialog om to tomtealternativ for ny vidaregåande skule

Etter ein lang debatt på fellesnemnda på måndag dag om lokalisering av ny vidaregåande skule på Straume/Bildøyna, samla politikarane seg om to aktuelle tomtealternativ i fråsegna som vert oversendt til Hordaland fylkeskommune. Andre saker i fellesnemnda var politisk og administrativ organisering og eigarskapsmodellar.
Les meir.

Her oppsummerer Børge Haugetun møtet i fellesnemnda

- Det var eit langt møte med tunge saker. Debatten var god sjølv om vi ikkje var samstemt i alle sakene, seier leiar av fellesnemnda, Børge Haugetun etter møtet i fellesnemnda den 18. juni. Her kan du sjå video der Haugetun oppsummerer møtet.
Les meir.

Samordning av adressesystem i Nye Øygarden kommune - endring av adressenamn

I samband med samanslåing av Sund-, Fjell- og Øygarden kommunar må adressesystemet samordnast for å få eit eintydig adressesystem i Nye Øygarden kommune. På bakgrunn av dette føreslår prosjektrådmannen at totalt 64 adressenamn vert endra. Saka vart behandla i fellesnemnda 18. juni 2018.
Les meir.

Besøk av leiinga i Helse Bergen

Helse Bergen med styreleiar Svein Gjedrem i spissen var på besøk i Fjell og regionen på onsdag denne veka. Føretaksleiinga møtte dei tre ordførarane i regionen og helse- og omsorgsleiinga i Fjell. Etter møtet og omvising på lokalmedisinsk senter på Straume, gjennomførte Helse Bergen styremøte på Fjell rådhus.
Les meir.

Førebu søknad om støtte til gjennomført strandrydding!

I tidsrommet 1. september til 15. november er det mogleg å søkja Hold Norge Rent om støtte til rydding i strandsona. Allereie no kan det vera lurt å førebu søknad om støtte. Refusjonsordninga gjeld allereie gjennomførte ryddeaksjonar.
Les meir.

Sankthansbål og brenning av bål

Det nærmar seg sankthans, og fleire planlegg å brenna bål denne dagen. Øygarden brann og redning (ØBR) har gode råd til deg. ØBR opplyser at det er lov å tenna opp sankthansbål så lenge ein held god avstand til bygningar, skog, utmark og anna brennbart materiale.
Les meir.

Prosjekt «Nye Øygarden kommune»

I «Ansleisveka» vår dette skuleåret har Brattholmen skule starta med eit prosjekt som er kalla «Nye Øygarden kommune». Fram mot kommunesamanslåing i år 2020 skal skulen læra mykje om dei tre kommunane, Fjell, Sund og Øygarden, som skal bli vår nye kommune.
Les meir.

To skular rundar av denne våren

Torsdag 21. juni må seiast å vera ein spesiell dato for Tellnes og Misje skular. Dette var nemleg siste dagen det var undervisning på desse to skulane. Dette er markert på begge skulane like før skuleavslutninga.
Les meir.

Sommarfest for frivillige

Nærare 50 personar trassa ein etter måten kald nordavind torsdag kveld då det var invitert til sommarfest for frivillige. Med servering og god musikalsk underhaldning ved Hege Turøy såg det ut til at dei frammøtte koste seg. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy sa at Noreg er heilt avhengig av dei frivillige.
Les meir.

Her kan du sjå Selma (89) , Alvhild (85) og Kjell (75) på sykkeltur

I slutten av mai vart det markert at eldre med nedsett funksjonstilbod har fått eit nytt aktivitetstilbod i Fjell. Saman med gode hjelparar frå Cykleklubben Sotra, fekk dei tre ein flott tur i 25 grader og strålande sol. tre institusjonane; Kvednatunet, Straume- bu og servicesenter og Fjell sjukeheim. No kan du sjå video der Selma, Alvhild og Kjell er på sykkeltur.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (25)

  • 18.06.: Fellesnemnda
  • 19.06.: Dialogmøte med Fylkesmannen i Hordaland
                Årsmøte i HOG Energi
  • 20.06.: Møte med Helse Bergen
  • 21.06.: Møte med Fylkesmannen i Hordaland – Barnevern
                Kommunestyre
                Frivilligforum i det fri
  • 22.06.: Generalforsamling i FjellVAR
                Generalforsamling i Gode Sirklar

Ordføraren neste veke (26)

  • 26.06.: Meklingsmøte med Fylkesmannen i Hordaland
                Besøk av eldre- og folkehelseministeren på Kvednatunet
  • 27.06.: Møte med Museum Vest

Publisert: 22.06.2018 11:00
Sist endret: 22.06.2018 12:34