Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 26 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



God mat og måltider gjev livskvalitet

Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) var mest oppteken av mat og måltider då ho besøkte Kvednatunet på Ågotnes tysdag denne veka. Ho fekk også gleda av å servera kjøttkaker i brun saus med ertestuing til bebuarane.
- Mat og måltider er eit viktig del av stortingsmeldinga "Leve hele livet", sa statsråden då ho møtte konstituert styrar på Kvednatunet, Ruth Sangolt, Tonje Alvsvåg frå Omsorgssjefen og kokk Marianne Misje Landro.
Les meir.

Rune Lid vert kommunalsjef for økonomi for Nye Øygarden kommune

Rådmann i Sund, rune Lid, er tilsett som kommunalsjef i Nye Øygarden kommune. Rune Lid har sidan 16.april vore prosjektrådmann for den nye kommunen. Det er tilsetjingsutvalet som har avgjort dette. Tilsetjingsutvalet arbeider med å gjennomføra tilsetjing i dei fire kommunalsjefstillingane som står igjen i løpet av august.
Les meir.

Varsel: Stengt for ferdsel i og over Straumssundet

Eit parti i Straumsundet under gamlebrua vert stengd for båtferdsel – brua over sundet vert stengd for trafikk frå måndag 2. til laurdag 7. juli 2018.
Les meir.

Fjell testar ut chatboten Kommune-Kari

Kommune-Kari kan svara på spørsmål 24 timar i døgeret og vert smartare for kvar dag som går og er alltid like blid. Boten er eit ledd i å digitalisera tenestene til kommunen og vil ta imot folk som besøkjer heimesida til kommunen.
Les meir.

Info på fleire språk til barnefamiliar

Samlesida www.fjell.kommune.no/har-du-barn finst no på polsk, arabisk og russisk i tillegg til norsk og engelsk.
– Ikkje alle fjellsokningar har norsk som morsmål. Ved å omsetja til fleire språk vil vi gjera informasjonen lettare tilgjengeleg for fleire, seier prosjektleiar Kristoffer Møvik i arbeidsutvalet for nedkjemping av barnefattigdom.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (26)

  • 26.06.: Meklingsmøte med Fylkesmannen i Hordaland
  • 27.06.: Møte med Museum Vest

 


Publisert: 29.06.2018 11:33
Sist endret: 29.06.2018 11:43